Formål
Formålet med ordninga er å stimulere og vidareutvikle nyetablerte festivalar/arrangement og andre festivalar/arrangement som ikkje er ført opp på eigen post i Volda kommune sitt kulturbudsjett.
Kva type festivalar/arrangement kan få tilskot
- Festivalar og arrangment innan kunst- og kulturfeltet i Volda
- Det gis i hovudsak tilskot til aktørar med adresse og verke i Volda
- Organisasjonen må vere registrert i Brønnøysundregisteret
- Tiltak kan støttast med inntil 50% av totale kostnader
- Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller til den løpande drift
- Sjå også retningslinjer for tildeling frå Kraftfondet her (PDF, 378 kB)
Tildeling - prioritering
Prioritert:
- Festivalar/arrangement som har stor fellesnytte
- Festivalar/arrangement som bidreg til positive ringverknader for næringslivet
- Festivalar/arrangement som bidreg til nyskaping og utvikling, og som aukar mangfaldet av kulturuttrykk
- Festivalar/arrangement som bidreg til samarbeid på tvers av ulike kunst- og kulturuttrykk
- Festivalar/arrangement som bidreg til auka deltaking og samhandling mellom menneske med ulik kulturell bakgrunn og positiv folkehelseeffekt
- Festivalar/arrangement som kan syne til ein god plan og som har eit realistisk budsjett/finansieringsplan
- Festivalar/arrangement som i budsjett/finansieringsplan syner til andre tilskotsordningar (offentlege eller private) i tillegg til eventuell eigeninntekt
Ikkje prioritert:
- Feiring av nasjonaldager
- Feiring av nyttår
- Feiring av merkedagar
- Markering av heilagdagar
Handsaming av personopplysningar
Søknadar om tilskot er offentlege dokument. Dette gjeld også vedlegg til søknaden. Ikkje skriv personsensitiv informasjon i søknaden.
Oppplysningar gitt i søknad om tilskot vert ikkje nytta til andre formål enn i handsaming av søknaden.
Rapport og utbetaling av tilskot
Søkarar som får tildelt tilskot skal levere rapport seinast 6 mnd etter gjennomført arrangement. Rapporten skal innehalde rekneskap (Volda kommune har innsynsrett til bilag og rekneskap knytt til søknaden).
Endringar i prosjekt
Kontakt sakshandsamar dersom det vert store endringar i prosjektet. Store endringar kan føre til endring i tilskotssum.
Søknadsfrist
Fristen for å søke tilskot for 2025 er 31. januar.
Døme på utfylt skjema m/ vedlegg:
Døme på søknad utfylt skjema for tilskot.pdf (PDF, 301 kB)
Budsjett_Volda_Musikkfestival døme vedlegg søknad.pdf (PDF, 88 kB)
Program_Volda_Musikkfestival døme vedlegg til søknadsskjema.pdf (PDF, 124 kB)
Søknadsskjema