Ung i Volda er fritidsklubbtilbodet i kommunen. Vår visjon er at alle barn og unge skal ha ein fritidsklubb med kompetente vaksne i sitt nærmiljø. På klubben er medverknad, meistring og relasjonsbygging sentrale verkemiddel. Ny lokalar i Volda sentrum står klare hausten 2024 der ny ungdomskafé og fasilitetar for datakultur, dans, teater, film og musikk legg til rette for nye satsingar i regi av Ung i Volda.
Ung i Volda er ein del av kulturavdelinga som rettleiar, legg til rette for og skaper kulturaktivitetar og møteplassar for barn og unge i kommunen.
Ung i Volda held vanlegvis til på Samfunnshuset i Volda sentrum og på Grobygget i Hornindal.
I påvente av nye lokalar vert våren 2024 nytta til å prøve ut ny konsept i samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Kontakt: ungivolda@volda.kommune.no
Mobil: 905 10 296
Sommaren 2021 vedtok Volda kommune å undersøke moglegheitene for å fornye Volda sitt tradisjonsrike samfunnshus. Kommunestyre løyva midlar til eit forprosjekt og Elfrida Bull Bene Arkitektstudio gjennomførte eit muligheitsstudie for samfunnshuset. Bull Bene fokuserte på å vidareføre den mangfaldige fleirbruken av huset samt å få ungdomsklubben, Ung i Volda, inn i deler av samfunnshuset.
Arkitektane samarbeidde med ungdomsrådet i kommunen og hadde ein workshop med tre klasser frå kunst, design og arkitektur-linja ved Volda vidaregåande skule. Mugligheitsstudien tok utgangspunkt i eit såkalla "nullalternativ" for ny bruk av huset, der ein undersøkte muligheitene for å nytte bygget utan å måtte rive eller bygge til, men heller omrokkere innvendig i samfunnshuset. Illustrasjonen viser Bull Bene sitt arbeid for modernisering og tilrettelegging for ny bruk, samt potensiale for aktivitetar på utsida av samfunnshuset.
Fredag 6. oktober 2023 signerte Volda kommune ei entreprisekontrakt med Christie & Opsahl AS om innvendig ombygging av Volda samfunnshus. Ombyggingsjobben skal etter planen starte 1. november i år og sluttførast seinast 1. august 2024. Samfunnshuset skal etter ombygginga primært ha tre funksjonar:
1. Fritidsklubb
2. Kino
3. Forsamlings- og festlokale
Elfrida Bull Bene Arkitektstudio
Illustrasjonen viser Bull Bene sitt arbeid for modernisering og tilrettelegging for ny bruk, samt potensiale for aktivitetar på utsida av samfunnshuset.