Utlånssentral/BUA

Utlånssentral/BUA

Treng du å låne sports- og friluftsutstyr? Det kan du låne heilt gratis på BUA Hornindal og BUA Volda. 

BUA Hornindal 

BUA Hornindal held til i Grobygget ved badestranda, med inngang ved scena i parken. Vi har eit breidt utval tur og friluftsutstyr, blant anna ulike typar telt, soveposar, SUP, kajakk, truger og ski for store og små. Sjekk ut kva vi har i https://www.bua.no/bua-hornindal-selvbetjent/utstyr eller stikk innom og finn det du treng. 

 

BUA Hornindal er sjølvbetjent kvar dag frå 08.00 til 22.00. Ja, du kan låne i helga og! Og på heilagdagar! Og det er heilt gratis å låne! Lånetid er sju dagar, og du får påminning på epost når det nermar seg tid for innlevering.

 

For å låne I BUA over heile landet må du opprette låneprofil i BUA, det kan du ordne her: https://www.bua.io/registrer. Ein må vere over 18 år og ha norsk telefonnummer for å opprette låneprofil, men som føresett kan ein legge til mindreårige som medlåntakarar. Då kan mindreårige låne utan følgje med føresett. Føresett er ansvarleg for lånet og all bruk av utstyret som er lånt.

 

For å kome inn i BUA Hornindal treng du å laste ned ein app for å låse opp døra: https://no.unloc.app/ eller søk opp unloc i App store eller Google Play butikk på din mobil.

 

For å registrere lån treng du appen BUA Selvbetjening: https://play.google.com/store/apps/details?id=co.norse.buaselfservicescanner&hl=no&gl=US&pli=1 eller søk opp BUA selvbetjening i app store eller Google Play butikk på din mobil.

Alt dette kan du ordne heime, so er du klar for å låne når du kjem til BUA. Elles finn du denne informasjonen også utanfor inngangsdøra til BUA, og kan ordne det på staden. 

Velkomen og nyt aktive dagar med utstyr frå BUA Hornindal!

 

BUA Volda

BUA Volda held til i Volda samfunnshus (inngang frå Storgata) og har til gratis utlån mykje bra sports-og fritidsutstyr. 

Lyst ut og nyte vinteren, man manglar utstyr? Kom og lån alt du treng, om du vil på ski eller i akebakken.

Sjekk ut kva vi har i www.bua.io, og/eller stikk innom og finn det du treng.  Alle som låner må ha ein låneprofil i BUA, denne oppretter du fort og greit her: bua.io/registrer

Opningstider og anna informasjon finn du her: https://www.bua.no/utlansordninger/bua-volda