Næringsutvikling

Næringsutvikling

Dei største næringane er per i dag dei tenesteytande innanfor offentleg og privat sektor.

Høgskulen i Volda (HVO) og sjukehuset i Volda er saman med kommunen dei største arbeidsgjevarane i Volda kommune.

I kommunen er det eit variert industrimiljø med verkstad-, trevare-, næringsmiddel- og teknoindustri. I Volda sentrum er det omlag 100 butikkar i ulike bransjar.

I tillegg til landbruk og tradisjonell industriproduksjon er Volda også stor på oppdrett, der fjordane og elvane gir naturlege føresetnader for denne næringa.

Kommunen driv ein aktiv næringspolitikk og dei seinare åra har ein merka ein auke i nyetableringar av kompetansebedrifter med utspring frå miljøet kring Høgskulen i Volda.

Eit aktivt og godt næringsliv er ikkje mogleg utan ein godt utbygd infrastruktur med gode velferdstenester. 

Nyttige nettsider

 

Felles nasjonal portal for alle søknadar om tilskot og finansiering: https://enveiinn.no/

Der er Møre og Romsdal fylkeskommune og Næringshagen er med, skal de bruke denne lenka for å søke: 

https://raskavklaring.innovasjonnorge.no?cid=bc755bb8-2552-404f-e92a-08dbdc3b0948&return_to_actor=true&from_system=flerbedriftsportal.no

 

Hoppid

For lokale oppstartsbedrifter og gründerar har Volda kommune eit tilbod gjennom si gjeldane partnarskapsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune. Alle dei 50 kommunane i Møre og Romsdal har slik avtale, og avtalen inneber kommunal finansiering til drift av eit lokalt hoppid.no kontor med sertifiserte rådgivarar.

Hoppid.no er ei lett tilgjengeleg rådgivingsteneste for etablerarar, der du får gratis rådgiving i Sunnmøre Kulturnæringshage som du finn i Norsk Innovasjonssenter i Hamnegata 20 i Volda. Rådgivarane har teieplikt og hjelper deg med avklaring i høve marknadspotensialet for forretningsideen og utarbeiding av forretningsplan.

Gjennom partnarskapsavtalen får Volda kommune eit årleg varierande tilskot frå fylkeskommunen som idéeigarar kan søke midlar frå til avklaring av forretningsideen sin.

Det årlege tilskotet frå fylkeskommunen er normalt rundt kr.100.000,- og basert på innbyggartal og prosentdel arbeidssøkjande i kommunen.

Det maksimale beløpet som kan tildelast i hoppid.no samanheng er kr.30.000,- pr. forretningsidé, men dei fleste tilskota ligg mellom 5.000,- - og 10.000,-

Søkarar på slike lokale avklaringsmidlar frå hoppid.no må delta på hoppid.no kurs eller gjennomføre programmet digitalt. I begge høver vil søkjar gjennomføre eit opplegg gjennom den digitale hoppid.no portalen som fungerer som ein etablerarskule og ende opp med ein forretningsplan. 

 Les meir om hoppid.no og meld deg på kurs her: https://hoppid.entreprenerdy.com/apply

 

Kontaktinformasjon Sunnmøre Kulturnæringshage AS: 

Martin Foldal, dagleg leiar
Mobil +47 92 22 41 65
Hamnegata 20, 6100 Volda

Telefon/Phone: +47 70 33 06 60