Planområdet på om lag 23 daa, ligg rett aust for Heltneelva og rett vest for Bakkelidvegen i Volda si ytre sentrumssone.
Formål
Tiltakshavar Norhus Ørsta AS, ser eit aukande behov for bustadar i Volda. Ein ønskjer difor å imøtekome noko av etterspurnaden ved å regulerer gbnr. 20/610 med fleire til frittliggande bustadar. Dette vil vere ein kombinasjon av einebustadar og tomannsbustadar i samsvar med politisk prinsippavklaring.
Konsekvensutgreiing
Tiltaket er vurdert opp mot §10 i forskrifta om konsekvensutgreiing. Planområdet er avsett til bustadar i kommunedelplan for tidlegare Volda kommune (B35). Tiltaket er dermed i tråd med overordna plan. På bakgrunn av dette konkluderer ein med at tiltaket ikkje har vesentlege verknadar for miljø og samfunn, og dermed ikkje løyser krav om konsekvensutgreiing.
Planstatus
I gjeldande arealdel for tidlegare Volda kommune er området avsett til bustadar. Planområdet grensar og grip inn i reguleringsplanen «Heltnevollen», planID 2010016 mot aust og sør. Mot nord grensar planområdet mot «Rasmusgarden», planID 1999003. Mot sør-vest grensar ein marginalt mot «Endring Bakken», planID 1988002. Ein er ikkje kjend med at det er pågåande reguleringsarbeid i området.
Plangrense
Plangrensa er synt i vedlegg nr.1, og vart godkjent av formannsskapet 21.09.2021, sak 148/21. (Vedlegg 08) Omtale av plangrensa, som kan verte justert undervegs - gjeng fram av vedlagte planinitiativ.
Forslagsstillar og planleggjar
Forslagsstillar: Norhus Ørsta AS, Indrehovdevegen 64, 6160 Hovdebygda.
Plankonsulent: Per Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.
Informasjon og medverknad
For informasjon undervegs i planarbeidet kan ein kontakte:
- Lauritz Holsvik – tlf. 90506535 – lauritz@norhuskjeden.no
- Per Mulvik AS v/Andreas Standal Eikrem - tlf.: 90947557 – e-post: andreas@mulvik.no
Merknader til oppstartsmeldinga
Eventuelle merknader/innspel til planarbeidet merkast med «planID: 1577-2021001» og sendast anten som e-post til andreas@mulvik.no eller som brev til: Per Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.
Innkomne merknader vert saman med planframlegget sendt til kommunen for handsaming og utlegging til offentleg ettersyn. Ein treng difor ikkje sende kopi av merknaden til kommunen.
Frist for merknader: 25.01.2022.
Vidare saksgang
Etter at merknadsfristen er ute, vert planframlegget utarbeidd og innsendt til Volda kommune for handhandsaming. Etter første gangs handsaming og eventuelle justeringar, legg kommunen planen ut til offentleg ettersyn. Det vert då høve til å kome med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming med sikte på endeleg godkjenning.
Oppstart detaljregulering Heltnemarka