Prosjekt ny ungdomsskule Fredag 27. august vart kontrakten om bygging av ny ungdomsskule i Volda signert av ordførar Sølvi Dimmen og prosjektleiar Finn Ove Øen som er dagleg leiar i Åsen & Øvrelid AS. Kommunestyret vedtok 16. juni å gå i kontrakt med Åsen & Øvrelid AS om bygging av ny ungdomsskule i Volda, og på fredag vart kontrakten signert. Planlagt start for prosjektet var sett til 13. september, men for å nytte tida i sommarferien då det ikkje er tilsette og elevar på skulen, vart rivearbeidet av sidefløyar og gymsalar framskunda. Rivearbeidet av desse bygningane vart i stor grad ferdigstilt før skulestart, og det vil no pågå førebuande arbeid på tomta før betongarbeidet startar opp i oktober. Kontraktsum for arbeidet er på ca. 165 mill kroner inkl. mva. Overlevering av nytt skulebygg er sett til 1. april 2023, og ferdigstilling av utomhusanlegget (inkluder riving av hovudbygget på gamal skule) er sett til. 1. november 2023. Presentasjon av løysingsforslaga til ny ungdomsskule Publisert 19.05.2021 08:22 Sist endra 15.07.2022 13:23