Kontrakt for levering av AV-utstyr signert
Kontrakt signert med Lydkjelleren
Vi har gleda av å kunngjere at vi har inngått ein kontrakt med Lydkjelleren for levering av AV- utstyr til Volda samfunnshus, seier Steinar Kilen som er prosjektleiar for renoveringa av Volda samfunnshus.
– Lydkjelleren, kjent for sitt engasjement for kvalitet og miljøvennlege løysningar, kom seirande ut av ein anbodskonkurranse der pris, omsyn til miljø og kvalitet var avgjerande faktorane.
– Planlegging og prosjektering er allereie godt i gang, og vi ser frem til å sjå det ferdige resultatet. Dette vil gi eit betydeleg løft til dei tekniske fasilitetane ved Volda samfunnshus. Installasjonane er planlagt ferdigstilt i løpet av hausten, og vi forventar at det nye utstyret vil berike på interne og eksterne arrangement, seier ein glad prosjektleiar.
Steinar Kilen er prosjektleiar for avdeling eigedom i Volda kommune.
Volda kommune
Anbodskonkurranse for møblar og laust inventar
Vidare kan han fortelje at Volda kommune har sendt ut invitasjon til å gje tilbod på møblar og laust inventar til Volda samfunnhus. Tilbodsfristen er 16. september, planlagt levering av møblar er i november. Tilboda vil bli vurdert opp mot pris, miljø og kvalitet.
Overtaking av bygget skal vere i november, men det vil pågå arbeid som gjer at vi ikkje kan ta det fullt i bruk før på nyåret, seier Steinar.