Volda Campus Sparebank1 Arena: Vi realiserer idrettshall

Volda Campus Sparebank1 Arena: Vi realiserer idrettshall

Hausten 2020 stod Volda Campus Sparebank1  Arena ferdig. Her er nyttig informasjon om prosjektet.

Arbeidet med oppføring av Volda Campus Sparebank1 Arena ved høgskulen er fullført og hallen er i bruk.

Hallen var ferdig i 2020.

Med si sentrale plassering stod byggeplassen på utstilling og voldasamfunnet fekk verkeleg tatt del i korleis den nye storstova røyste seg.

For å at du som innbyggjar skulle få tilfredsstillande orientering og informasjonsflyt, gav prosjektleiar i kommunen, Pål Are Vadstein, månadleg informasjon om prosjektet gjennom heile anleggsfasen fram mot ferdigstilling.

Oppdatering frå prosjektleiar 30.10.2020

Vi er no inne i sluttspurten for dette storslage prosjektet. Totalentreprenør med sine mange underentreprenørar står verkeleg på for å kunne overlevere eit flott sluttresultat til byggherre i desember. Ein har til og med starta så smått med opprydding og demontering av mellombelse konstruksjonar rundt om på byggeplass, så det er i ferd med å gå opp for alle at vi nærmar oss målet.

Innvendig har ein no starta på oppdeling av bygget i raude soner som vert avstengt fortløpande. Dette betyr at overflatene i aktuelle rom er ferdigstilt, og at vidare arbeid (t.d. støvande arbeid) ikkje er tillate her. Areala reingjerast og vaskast, og står etter dette klart fram til overtakingsdagen.

Det pågår supplerande restarbeid på kjøkken/kioskar, garderober, tribuner, lagerrom m.m. Montering av sportutstyr, resultatskjermar, videoskjerm. Arbeid med himling, spileveggar, dører og tekniske installasjonar går jamt og trutt. Diverse ferdigstilling i tilknyting til garderober og sanitær. Innsetjing av dører og arbeid med omramming og anna listverk.

Ikkje minst har det denne månaden vore stort fokus klatrehallen med bygging av klatrevegg og buldrevegg. Vidare er det lagt parkettgulv i dei to aktivitetssalane i plan 3. Det meste av utvendig fasadekledning er på plass. I samband med dette kan vi melde om fine tilbakemeldingar frå publikum på resultatet. Legging av det grøne sedumtaket vart ferdigstilt denne månaden.  

Ute er no fyrste lag asfalt lagt. Komande veke leggast sjølve slitelaget. Det skal monterast diverse skilt, bommar og flaggstenger. Det er i perioden gjort eit grundig og gjennomført gartnararbeid med kantstein-legging, helle-legging, beplanting og tilstelling rundt bygg. Det er lagt stor vekt på at tomta skal vere eit triveleg område å opphalde seg på, og ingenting er i så måte overlete til tilfeldigheitene i høve val av løysingar, uttrykk og framtoning.

Montering av sykkelstativ for ca. 80 plassar står for tur. Ein stor del av denne kostnaden får Volda kommune dekt gjennom tilskot frå Statens vegvesen, noko som sjølvsagt er svært positivt og til god hjelp i det store kostnadsbiletet. Det er nettopp starta på bygging av gangvegar til Øyra barneskule og Volda ungdomskule, slik at det vert godt tilrettelagt for at skuleelevar og andre mjuke trafikkantar kjem seg til og frå hallen. Den store heilskapen i totalprosjektet vert no tydlegare dag for dag fram mot ferdigstilling i desember.

 

Oppdatering frå prosjektleiar 26.11.2020

Prosjektleiar Pål Are Vadstein har kome med oppdatering om Volda Campus Sparebank1 Arena 26.11.20.

No er vi verkeleg nær målstreken for prosjekt Volda Campus Sparebank1 Arena. Både innvendig og utvendig står prosjektet no fram som meir eller mindre komplett, med unntak av diverse sluttmontering, finpuss og tilstelling.

Det pågår kvalitetssikring, testing og innregulering av diverse tekniske anlegg i hallen. Vidare er ein godt i gang med brukaropplæring. Det er mykje innlæring og kunnskapsoverføring innan både innvendig og utvendig anlegg, som byggherre og brukargrupper treng overført av totalentreprenøren med sine underleverandørar. Entreprenør arbeider også med all sluttdokumentasjon i prosjektet, noko som ikkje er reint få dokument.

Vi har no hatt sluttgjennomgang for det meste av anlegget ilag med entreprenør, slik at entreprenør får tid på seg til å rette opp i eventuelle avvik og uavklarte saker fram mot offisiell ferdigstillingsdato og overtaking av anlegget. Volda Campus Arena AS og Volda kommune tykkjer det er svært gledeleg at totalentreprenør utviser så stor grad av kontroll i så god tid før ferdigstillingsfristen. No gjeld det berre å halde fullt fokus ei halvanna veke til, så er ventetida over og Volda har fått si nye fantastiske storstove.

NB! Ein liten kuriositet som kan vere verdt å nemne i eit kommunalteknisk perspektiv, er at denne månaden skjedde ei hending som skreiv seg rett inn i den kommunale vegbyggingshistoria i Volda. Den nye Joplassvegen som har vorte ombygd i samband med prosjektet, vart denne månaden, rettare sagt torsdag 12.11.2020 ferdigstilt som den aller fyrste kommunale vegen i Volda kommune med midtstripe. Rett nok ikkje den lange vegstubben, men uansett verdt ein notis for særskild interesserte. Med god vegbreidde og stor rundkøyring i enden, ligg no alt til rette for bussing til og frå idrottshall, høgskule og nytt mediehus.

 

 

Oppdatering frå prosjektleiar 21.12.20

07.12.2020 vart Volda campus Sparebank1 arena overlevert frå totalentreprenør til byggherre. Volda har fått si storstove som vi vonar vil spreie glede både i lokalmiljøet og i heile regionen.

Volda kommune takkar Betonmast Røsand med sine underentreprenørar for framifrå gjennomføring av samla prosjekt der det er levert heilskaplege løysingar av høg kvalitet og standard både på bygg så vel som utomhus. For utomhusdelen som kommunen har vore direkte oppdragsgivar på, vil vi trekke fram at vi har fått ein moderne og framtidsretta infrastruktur rundt ny idrettshall, høgskule og grunnskular, slik at alt ligg til rette for vidare samfunnsutvikling av dette området.

Totalentreprenør har også klart å balansere utfordringane med to ulike oppdragsgivarar, i Volda Campus Arena AS og Volda kommune, utruleg godt. Prosjektet med si spesielle organisasjonsform på byggherresida, har naturleg nok gitt meir administrasjon for entreprenør, men dette er handtert svært ryddig frå entreprenør si side.

Vi rettar også ei stor takk til selskapet Volda Campus Arena AS med sine samarbeidspartnarar for eit svært vellukka samarbeid. Her har eldsjelene frå handball- og volleyballmiljøet lagt ned eit enormt arbeid for å drive prosjektet framover. Både kvaliteten på prosjektet som er realisert og like fullt sjølve måten det er gjennomført på, kan vere verdt å ta med seg i erfaringsbanken inn mot komande prosjekt. Med Volda campus Sparebank1 arena er lista lagt høgt.

Vi gratulerer alle innbyggarane i kommunen og heile regionen elles med splitter ny arena til leik, idrett, kulturarrangement, messer og mykje meir!

 

Oppdatering frå prosjektleiar 30.09.2020

I september har det vore arbeidd vidare med bordkledning av fasader. Dører og vindu er kome på plass for alle plan og fasader. Det er har dessutan vore nyleg oppstart av legging av det grøne sedumtaket. Av innvendig arbeid er det fullt fokus på tekniske fag; elektro, rørlegging og ventilasjon. Mobiltribunen er ferdigstilt, og rekkverk og trapper i tilknyting til tribune er også på plass. Målararbeid, beleggsarbeid og flisarbeid pågår også for fullt.

Av utvendig arbeid er sykkelskura på plass og så godt som ferdigstilt. Det har vore støyp av inngangspart ved aust- og vestfasade. Brakkeriggen har vorte flytta for å gjere plass til opparbeiding av parkeringsplass på nordside av bygg i tillegg til utviding av rundkøyring i nordenden av Joplassvegen. Det aller meste av utvendige røranlegg skal no vere på utført. Enkelte av internvegane er gjort klar til asfaltering. Det pågår også planting av hekkar i eigedomsgrense.

Det nærmar seg stadig ferdigstilling av samla komplett prosjekt!

Oppdatering frå prosjektleiar 28.08.2020

Prosjektleiar for Volda Campus Sparebank1 Arena har oppdatert status om byggeprosjektet. 

Sommaren er på hell og vi går no over i eit halvår der prosjektet skal ferdigstillast. Det har vore drift på prosjektet gjennom heile sommaren, og dette visast godt igjen. Det er verkeleg i ferd med å ta form, både innvendig så vel som utvendig. Entreprenør opplyser å ha teke igjen i overordna framdriftsplan omlag 1,5 veke, gjennom sommarens arbeid.

Når det gjeld utvendig arbeid har ein nytta godt denne perioden med noko mindre trafikk inn og ut av Joplassvegen. Det er lagt ned rør til vassforsyning, avløp, straumforsyning og fiber i kommunal veg. Desse skal forsyne idrettshall, mediabygg og nytt badeanlegg. Mørenett har fått på plass ny nettstasjon. Det er etablert fundament for sykkelskur, og det er lagt opp røranlegg til lyssetjing av alle interne vegar og plassar i prosjektet. Nedgravne avfallsbrønnar er også kome på plass. I parkeringskjellaren har ein lagt ut topplaget, som er ein spesiell type drenerande asfalt.

Innvendig har det vore mykje arbeid med dei tekniske faga som elektro, rør og sanitær, varme og ventilasjon. Dette er eit omfattande arbeid. Det vert lagt kilometervis med kablar og rør. I dette ligg også mykje koordinering, då t.d. føringsvegar og plassering av ventilar, armaturar og anna teknisk utstyr ikkje må kome i konflikt med kvarandre. 

Innvendig muring er ferdigstilt, og dette gjeld også det meste av stenderveggar. Målararbeidet følgjer framdrift på veggane taktvis. Dei aller fleste glasfasader er ferdigstilt. Rekkverket til dei faste tribunene i hallen er på plass. I perioden er også nedre del av sportsgulvet lagt. Det omfattande arbeidet med banemerking gjenstår. Flislegging i garderober m.m. pågår for fullt. I tillegg har arbeidet med den utvendige bordkledninga kome godt i gang. 

I komande periode vil det av utvendig arbeid vere fokus på førebuingsarbeid i forhold til asfaltering og legging av kantstein, i tillegg til vidare opplegg for lysstolpar og andre utvendig tekniske installasjonar. Det skal plantast vegetasjonsskjermar mot naboar i vest. Det vert også bygging av sykkelskur og overbygg til inngangsparti. Arbeidet med ytterveggskledninga vil halde fram. 

Av innvendig arbeid vert det å halde fram med tekniske anlegg. Overflatearbeid som flisarbeid, målingsarbeid m.m. vil sjølvsagt også pågå for fullt. Det vert montering av ytterdører og port. Det er veldig mange fag og ulike firma på byggeplassen no. På det meste i denne perioden har det vore innom opptil 80 personar på byggeplass, fordelt på rundt 20 firma. 

Oppdatering frå prosjektleiar 29. 06. 2020

No har idrettshallen nådd den sentrale milepælen "tett bygg", og dette vart feira med kranselag onsdag 24.06, med flagget til topps, slik tradisjonen for ein slik dag tilseier. Ei hyggeleg og viktig markering for alle som arbeider på byggeplass og elles er involvert i prosjektet på andre måtar. Som prosjektleiar for totalentreprenøren sa i talen, så er altså 80 % av deira underentreprenørar frå vår region. Dette er svært gledelege tal. I tillegg til at det gir lokal verdiskaping, så er det ein fordel å ha leverandørane i umiddelbar nærleik når ein kjem over i driftsfasen av anlegget.

 

Med tett bygg seier det seg sjølv at det no er full aktivitet innvendig i bygget. Det er muring og flislegging, maling, elektroinstallasjonar, ventilasjonsarbeid, oppsetting av innerveggar, rørlegging, gulvavretting og mykje meir. Dette føregår over heile bygget, høgt og lavt over alle etasjar.

 

Røysing av klatrehallen vart starta opp denne månaden. Veggelement, takelement og det aller meste av glasfasadene er på plass. Gulvstøyp takast denne veka. Mesaninen og innvendige veggar i klatrehallen takast i månadskiftet juli-august.

 

I parkeringskjellaren har no tak og veggar har vorte malt. I plan 1 på speleflatene er gulvet støypt. Det neste som skal skje der er å legge banedekket i august. På dei faste tribunene har det vore flytavretting av gulv, og ut i neste månad startar arbeidet med tribunerekkverk. I garderobene har det vore førebuande arbeid for flislegging. Rørleggar har fortløpande arbeid med sanitæranlegg. I styrkerommet er veggar røyst og sparkling pågår.

 

I hovudplanet pågår rominndeling, der det skal kome både entré, kontor, caféareal, lager m.m. For elektro har det vore arbeid med kabelbruer og kabeltrekking. Stor montasje i halltak med lyssetjing og straumføring. Ventilasjonsentreprenør har montert dukkanalar i halltak, og har elles løpande kanalmontasje gjennom veggar i heile bygget.

 

Utvendig er det gravd grøft for ny vassleidning og det har vore arbeid med Djupegrova der den skal svinge ned mot Røystunvegen. For betongfaget har det vore ferdigstilling av forstøtningsmurar mot parkeringskjellar og port inn til hallflater, i tillegg til støyp av fundament og ringmur for klatrehall. No pågår arbeid med trapp og rampe ved byggets inngangsparti mot aust. Diverse fundament, som t.d. til sykkelskur, er prefabrikert og klar for seinare montasje.

 

Det vil vere drift på byggeplassen gjennom heile sommaren. Dei ulike entreprenørane avviklar ferie ulikt, slik at det vil vere dagleg aktivtet her i større og mindre grad. Riktig god sommar til alle som arbeider med hallen og til alle som følgjer med på bygginga.

 

Oppdatering frå prosjektleiar 29. 05. 2020

Denne månaden vart tak-elementa på hallen ferdig montert. Perioden har også omhandla mykje gulvarbeid, som førebuing til støyp, legging av gulvvarme, legging av isolasjon og støyp. Sjølve hallgulvet for speleflatene er også ferdig støypt no. Muring av innerveggar pågår for fullt, og mange av garderobene, korridorar m.m. er no avdelt. Oppstart fyrste del av flisarbeid er nært føreståande. Det er i perioden røyst stålstenderveggar for diverse lagerrom, korridorveggar, utforing av betongveggar m.m.

Arbeidet med kanalmontasje for ventilasjonsanlegget går også framover. Malingsarbeid er godt i gang, og pr. no er det m.a. malt overflater i lager, teknisk rom og sjakter. Glasfelta kjem også på plass fortløpande. Innvendig elektro i gang med montering av bruer og skinner, kjerneboring, montasje tavlerom m.m.

Det er støypt ringmur til klatrehallen og punktfundament er under produksjon. Graverarbeidet rundt bygget held fram, og komande periode vert grøftegraving i Joplassvegen og vidare framføring av teknisk anlegg. Mange firmaer og personar har sitt daglege arbeid på prosjektet no. I denne perioden har det vore om lag 20 firma på byggeplassen og 40-50 personar i sving dagleg. I tillegg kjem alle som arbeider med prosjektering og anna adminstrativt arbeid som ikkje føregår på sjølve byggeplassen. 

 

Oppdatering frå prosjektleiar, 30.04.2020

Godt samarbeid

Det gode samarbeidet for realisering av idrettshall i Volda har halde fram også for april månad. Volda Campus Arena AS som byggherre og Volda kommune som oppdragsgivar på utomhusfaga, erfarer at samspelet med totalentreprenøren går godt og at prosjektet har ei fin utvikling. Utfordringar dukkar alltids opp undervegs i eit så stort prosjekt, men med open og konstruktiv dialog vert dei løyst suksessivt.

Utvendig arbeid og fasade

Av utvendig arbeid er det i denne perioden lagt naturstein i botn og sider på nytt elveløp for Djupegrova. Rundkøyringa ved høgskulebygget er fjerna, til klargjering for ny rundkøyring og nye vass- og avløpstraséar. Samstundes er det på prosjekteringssida arbeidd med å optimalisere og ferdigstille ny kabelplan og belysningsplan for området, slik at utføringsarbeidet med dette kan igangsetjast utover våren.

Det er støypt støttemur ved inngangsportalen til parkeringskjellaren. Dette for å ta opp nivåforskjellane i terrenget, og etablere tilfredsstillande tilkomst frå Joplassvegen og ned til parkeringskjellaren. Vidare er det arbeidd med klargjering og utgraving for klatrehall, då ein etterkvart startar på oppføring av denne.

 

På fasadene er dei fleste ytterveggselementa no ferdig montert. Vindusfelta er under arbeid. Ein har no fått lagt ut takelementa over nesten heile takflata. Innvendig har konturane av rominndelingane på plan 1 så vidt i ferd med å gjere seg gjeldande, med oppføring av stenderveggar og murveggar for garderober m.m. Det er lagt opp vass- og avløpsleidningar, sprinkleranlegg, gulvvarme, ventilasjonskanalar. Elektro har starta opprigging, og det er gjort førebuande arbeid til fyrste del av malararbeid.

Vidare i prosessen

Parallelt med dette er det arbeidd vidare med å treffe endelege beslutningar for arbeid seinare i prosjektet, slik som t.d. interiør og fargar, banemerking, låsplan m.m. Ein må heile tida passe på å vere i forkant med slike avgjersler, slik at framdrifta ikkje stoggar opp.

Det er mykje som skal avklarast og koordinerast kvar dag, og i sum er det eit stort apparat i sving for å drive dette prosjektet framover. Det arbeidast intenst både ute i felten så vel som adminstrativt. Mange firma og personar er i sving no og avhenger av kvarandre si framdrift. Dette stiller store krav til planlegging og kontroll i alle ledd.

På programmet for komande månad står m.a. støyp av fundament for klatrehall, vass- og avløpsgrøfter utvendig, montering av tilluftstårn, gulvstøyp, ferdigstille takelement, ventilasjon, muring, brannisolering for å nemne noko.

Volda kommune har undervegs i prosjektet månadleg lagt ut oppdatert informasjon om prosjektet på kommunen si heimeside. Prosjektet skal no vere godt kjend for dei som har interesse av å følgje med. Det er også slik at prosjektet har god publisitet gjennom andre kanalar, ikkje minst gjennom Volda Campus Arena AS si eiga heimeside om hallen, men også gjennom sosiale medium. Prosjektet er også godt dekt i lokale medium.

Bileter frå framdrifta:

 

Oppdatering frå prosjektleiar, 27.03.2020

Arbeidet så langt

Denne månaden har det vore vidare arbeid med montering av stål i hall og sidebygg. Det pågår i den samanheng også eit omfattande arbeid med brannisolering av søyler og bjelkar. Det har også vore montasje fasadeelement, og det var oppstart av montasje takelement. Tribuner i sør- og nordende er montert.

Det er lagt sluk og avløp i plan 1, og det er lagt opp rør til garderober i plan 1. I parkeringskjellaren er det lagt eksosrør, og det er montert innfesting for sprinkleranlegg. Det er lagt rørstammer for takslukar.

Det meste av dekke-elementa er no på plass. Elles har det vore støyp av fundament og støttemur ved inngang til parkeringskjellar. Det er lagt radonduk, isolasjon, glidesjikt og armering der gulv skal støypast på grunn, slik at det i neste periode er klart for gulvstøyp.

Av utomhus har det vore arbeidd vidare med omlegging av Djupegrova. Tomt for klatrehallen er gravd ut. Det er lagt drensleidningar og det er lagt ned slukrenne foran inngang til parkeringskjellar. Det er førebudd oppstart til legging av vass- og avløpsleidningar opp til gata Nytun.

Vidare arbeid

I neste periode kompletterer ein pågåande arbeid. Ein held fram med montering av takelementa, og startar vidare på montasje av glasfelta på taket. Dette arbeidet krev opphaldsvêr.

Det skal leggast påstøyp på dekket. Det skal monterast varmerør. Det vert forskaling og støyp av sjakter. Om mogleg skal også tilluftstårnet monterast. Vidare prøver ein å sluttføre montasje av fasadeelementa.

Det vert truleg også oppstart av fundamenta til sjølve klatrehallen. Av utomhus vert det vidare graving av grøftetraséar og framføring av infrastruktur innan vatn, avløp og kablar i området rundt tomta.

Bilete frå framdrifta

 

Oppdatering frå prosjektleiar, 28.02.2020

Det er sjølvsagt framleis stor produksjon på byggeplass. I denne periode har det samla vore 11 firma representert på byggeplass.

Dei siste delar av ringmurar er no støypt. Arbeidet med stål og holdekker i sidebyggar er godt i gang. Vidare har det vore arbeid med trappesjakter, inntak vatn og ventilasjonskanal m.m.

Det er støypt golv i diverse tekniske rom. Muring av innerveggar i lager er også i gang.

Når det gjeld utomhusarbeid, er det starta opp med omlegging av Djupegrova. Nytt bekkeløp skal murast med naturstein inntil den nye gangvegen som skal byggast på tomta.

Det er lagt drensleidningar og ein har førebudd til montering av drensrenne framfor port til parkeringskjellar.

I neste periode held ein fram med stålmontering, holdekke-montering, golvstøyp, montering av sandwich-element m.m. Det skal støypast støttemur langs innkøyring til parkeringskjellar.

Vidare skal ein legge eksoskanal frå parkeringskjellar.

Av utomhusarbeid skal omlegging av Djupegrova fullførast, og det vert oppstart av vass- og avløpsgrøfter til gata Nytun nord for byggeplass.

Pål Are Vadstein
Prosjektleiar
Volda kommune

Oppdatering frå prosjektleiar 30.01.2020

I januar har stålentreprenør kome i gang med sitt arbeid, og det starta med montering av søyler og avstivingar. Vidare har dei montert opplegg for betongdekker, i tillegg til montering av gitterdragarar.

Parallelt med dette er det framleis mykje betongarbeid på byggeplass, både med plass-støypte konstruksjonar, og dessutan med montering av prefabrikkerte element.

Grunnentreprenør har arbeidd vidare med fundamentgrøfter, gjenfylling og planering. Vidare er det lagt ned fordrøyningsanlegg for overvatn, og ytterveggar mot terreng har vorte isolert.

I februar står mykje viktig delarbeid for tur. Utvendig vass- og avløpsanlegg skal kompletterast og ein startar på omlegging av Djupegrova.

I tillegg må arbeidet med gjenfylling mot veggar halde fram etter kvart som veggar mot terreng vert montert.

Det skal støypast fleire fundament. Av betongelement skal det i komande periode monterast sjaktveggar, dekker og tribuneelement.

Resten av dekka over parkeringskjellaren skal også på plass. Vidare vil det vere viktig med god framdrift på stålarbeidet.

Oppdatering frå prosjektleiar, 30.10.2019

I løpet av oktober har fleire fag kome til på byggeplass, mellom anna betongentreprenør og boreentreprenør.

Betongentreprenør er godt i gang med forskaling og støyping av fundament, både sålefundament og søylefundament i tillegg til ringmurar.

Boreentreprenør er snart ferdig med sitt oppdrag; boring av 15 stk. energibrønnar for bergvarme. Borehola er spreidd rundt om på byggegropa innanfor fotavtrykket til bygget, og går 300 m ned i grunnen.

Energien frå brønnane skal brukast til oppvarming og kjøling i ferdig bygg.

Grunnentreprenør har denne månaden vorte ferdig med uttrauing av byggegrop. Arbeidet med grøft i Anders Vassbotnvegen er også avslutta.

Vidare er det etablert fundamentgrøfter, og elles anna for- og etterarbeid i samband med støyping. Det er lagt drens og overvassleidning ved vestfasaden av bygget.

Framdrifta er så langt i rute.

I november vil det vere fokus på å ferdigstille plasstøypte konstruksjonar som fundament og ringmurar. Ein startar opp med montering av dei fyrste prefabrikerte veggelementa i parkeringskjellaren 11.11.

Grunnentreprenør vil halde fram med fundamentgrøfter, og det må leggast botnleidningar i bygget.

Dei startar også opp med vass- og avløpsgrøft i Joplassvegen, og det skal etablerast fordrøyningsanlegg i sørvest-enden av tomta.

Mediabygget varslar om at ny oppstartsdato er sett til 18.11. Det pågår i desse dagar koordinering mellom dei to prosjekta.

Oppdatering frå prosjektleiar, 20.12.2019

Anlegget har no vore i drift i vel 5 månader. Det har vore ein hektisk haust og prosjektet har verkeleg sett sitt preg på området allereie.

Samarbeidet mellom dei forskjellige fag i byggegruba går meget bra. Denne månaden har det vore sju ulike firma representert på byggeplass.

I tillegg er det mange firma som arbeider med prosjektet administrativt i forhold til prosjektering av dei ulike tekniske fag.

Det som skjer i Joplassvegen har såleis stort fokus og høg prioritet hjå mange bedrifter og personar om dagen. At mediabygget også no er i gang forsterkar dette ytterlegare.

Montering av betongelement

I desember har Volda Campus Sparebank1 Arene verkeleg teke eit nytt steg opp frå grunnen. Det har vore arbeidd vidare med montering av betongelement som ytterveggar, søyler, bjelkar.

Det er lagt dekke-element over parkeringskjellar. Vi er no pr. tid på plan 1. Det er dette planet sjølve speleflatene vert på.

Men vi skal endå nokre etasjar oppover før vi er i mål.

Det er støypt gulv på teknisk rom. Ventilasjonsaggregata er sett inn i ventilasjonssentralen. Entreprenør har også starta på forskaling av fundamenta i nivået over parkeringskjellar.

Det er arbeidd vidare med drens- og overvassgrøfter rundt bygget. Det er fyllt igjen massar inntil konstruksjonar under terreng, etterkvart som veggane i dei ulike aksane har vorte røyst.

Det pågår også prosjektering og optimalisering av løysingar innvendig, parallelt med at det er full drift på byggeplass.

Byggeplassen stengd i jula

Byggeplassen held stengt/stillstand mellom jul og nyttår. Produksjonen startar opp igjen 02. januar.

I neste periode vil ein starte på stålmonteringa. Oppstart stålmontasje er ein viktig milepæl i prosjektet. Det vert også vidare montering av betongelement.

Entreprenør startar også på diverse utomhusanlegg, som fordrøyningsanlegget, og omlegging av Djupegrova vil også ha fokus utover vinteren.

Entreprenør arbeider godt og er i rute i forhold til framdrift.

Oppdatering frå prosjektleiar, 27.09.2019

Byggeplassen viser no godt att i området og grunnarbeidet drivast med stor framdrift. Arbeidet og prosjektet er i rute. Byggegropa er nesten ferdig uttraua.

Det meste av lausmassen er borttransportert, og no har ein kome ned på fjell. Sprenging vart starta opp denne veka. Elles er arbeidet med omlegging av Djupegrova nyleg starta opp. Dette er naudsynt før ein kan starte arbeidet med betongfundamenta for hallen.

Arbeid langs E39

Grøfta for teknisk anlegg langs E39 er snart ferdig. Her er det lagt ned rør for overvatn og spillvatn, i tillegg til trekkerør for straum og fiber. Gangvegen vert re-asfaltert i starten av oktober.

Krysset E39-Anders Vassbotnvegen vert då opna opp igjen, slik at ein får re-etablert normalt trafikkmønster her.

Riggplan

Brakkeriggen med naudsynte fasilitetar er no i full funksjon, med kontorlokale for totalentreprenør, underentreprenørar og byggherre. Ein er no godt rigga for at dette vert ein ganske stor arbeidsplass i fram til hausten neste år.

Riggplan for byggeplassen ligg i dokumentsamlinga lenger nede i saka.

Også for den neste månaden vert det stor aktivitet for grunnentreprenør. Det vil vere fokus på arbeidet med Djupegrova og bygging av gangveg langs bekken.

Vass og avløp

Vidare må det førast fram fleire nye vass- og avløpsleidningar og kabelrør til idrettshallen, men også til mediabygget. Det skal etablerast fordrøyningsanlegg inne på tomta, for å ta unna framtidig overvatn som idrettshallen og kringliggande plassar og vegar genererer.

Alt dette vil stå på agendaen utover hausten. Etter kvart skal det også byggast gangvegar mot Røystunvegen.

Fleire og fleire fag vil kome til utover hausten. Fram til no er det berre totalentreprenør og  grunnentreprenør som har vore representert på plassen, men innan eit par veker er også betongentreprenør på plass.

Tekniske fag vil også starte opp så smått, då det tidleg i fasen må leggast botnleidningar, jording og diverse inntak. Borehol til energibrønnar må også gjerast innan kort tid.    

Mediebygg

Mediabygget har fått klarsignal, og Statsbygg har orientert om at arbeidet her vil starte opp 04.11. Då vert det to store byggeplassar tett inntil kvarandre i enden av Joplassvegen.

Det er difor viktig at partane brukar tida godt framover til best mogleg samordning med omsyn til logistikk og trafikkavvikling.

Joplassvegen vert truleg stengd frå tidleg i november. Totalentreprenør har ved behov løpande dialog med naboar og andre røyvde partar.

Totalentreprenør har utlevert informasjonsskriv til naboar av byggeplassen, datert 18.09.2019. Dette ligg i dokumentsamlinga lenger nede i saka.

Beste helsing,
Pål-Are Vadstein
Prosjektleiar i Volda kommune

Oppdatering frå prosjektleiar, 28.11.2019

Ein er no for alvor i ferd med å kome meg seg meir opp av djupaste byggegropa, og konturane av eit komande bygg vert tydlegare for kvar dag. 

Det aller meste av betongfundamenta i underetasjen er no ferdig, og montering av veggelement, søyler og dekker er godt i gang. 75 % av gulv på grunnen er oppfylt og komprimert. Boring av energibrønnar vart ferdigstilt denne månaden, og det er trekt ned slangar/rør i brønnane.

Frå kvar av dei 15 energibrønnane er det lagt varmerør inn til teknisk rom. 

Oppstart av stålmontasje

I desember vil det vere fokus på å klargjere for oppstart av stålmontasje i starten av januar.

Pr. i dag er dette innan rekkevidde. Vidare vil ein halde fram med fundamentarbeid og botnleidningar.

Det vert lagt på utvendig veggisolering og påfølgjande tilbakefylling. Når det gjeld betongelement så vert det å halde fram med montering av veggar og søyler, i tillegg til dragarar og holdekker. 

Omlegging av Djupegrova

På det som omhandlar utvendig teknisk anlegg er planen å starte på fordrøyningsanlegget. Omlegging av bekken Djupegrova står også på agendaen, men det er framleis litt usikkerheit knytt til tidspunkt for oppstart. 

Framdrifta er i rute og om eit år på denne tid skal hallen vere ferdigstilt.

Joplassvegen stengd

Statsbygg er også i gang med Prosjekt Media Volda. Joplassvegen er no stengt for ålmenn ferdsel, og det er svært viktig at publikum ikkje tek seg inn i avsperra område.

Det kan vere fristande å ta snarveg gjennom anleggsområdet, frå E39 til Berte-Kanutte-bygget via Joplassvegen, men dette er strengt forbode.

Vi ber innstendig om at skiltinga vert respektert og at alternative tilkomstar vert nytta.

Mvh
Pål-Are Vadstein
Volda kommune

 

Bilete frå prosjektet

 

Relevante dokument om Volda Campus Arena
Tittel Publisert Type
Aktørliste i prosjekt med kontaktinformasjon

22.08.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kopi av Adresseliste-VCA.pdf
Logistikkplan for mjuke trafikkantar

22.08.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Flyfoto.pdf
Situasjonsplan for byggeplassar

22.08.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Situasjonsplan HVO VCA (L)(11337).pdf
Fasadeteikning frå forprosjekt

22.08.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned A - Opsjon 1 - Fasader Farge.pdf
Riggplan VCA

27.09.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Riggplan VCA.pdf
Informasjonsskriv frå totalentreprenør til naboar, Volda Campus Arena

27.09.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Informasjonsskriv frå totalentreprenør til naboar, Volda Campus Arena.pdf

Om Volda Campus Sparebank1 Arena

Om prosjektet

Hallen omfattar mellom anna to fullverdige handballbaner, to aktivitetssalar, klatrehall med buldrevegg, styrkerom, spinningrom, garderober, lagerrom, møtelokale, klubblokale, kafé og kioskar, lokale for medieproduksjon, fellesareal, tribuner m.m. 

I kjellaren vert det full parkeringskjellar med 100 biloppstillingsplassar. Det er med andre ord eit bygg med stort innhald og potensiale. 

Idrettshallprosjektet er i sum eit partnarskap mellom idretten, kommune, fylkeskommune og næringsliv. Trass i at kommunen har ei avgjerande rolle i prosjektet, så er det likevel formelt sett eit privat tiltak initiert og eigd av aksjeselskapet Volda Campus Arena AS. 

Det er selskapet som fullt ut har det juridiske totalansvaret i heilskapleg prosjekt. Prosjektet er frå starten drive fram av private eldsjeler frå handball- og volleyballmiljøet i Volda, der enkeltpersonar har lagt ned monaleg innsats og ressursar. 

Det skal innbyggarane vere glade og takksame for i dag. Etter kvart har kommunen vorte meir og meir delaktig. 

Fyrst og fremst stiller kommunen garanti for heile investeringsramma i prosjektet, og tek med dette i praksis all økonomisk risiko i totalprosjekt.

Volda kommune har dermed det overordna økonomiske ansvaret i prosjektet, og ivaretek også kravet entreprenøren stiller til økonomisk sikkerheit frå byggherre.

I tillegg til dette deltek kommunen ved investeringar, ytingar og reine tilskot. Vidare med forskottering av spelemidlar, som oppdragsgivar på utomhusarbeid, som grunneigar, som leigetakar, og som formell eigar av underetasjen (parkeringsseksjonen). 

Med godt samarbeid har ein altså kome dit ein er i dag; med full byggeaktivitet på Joplasstomta og venteleg ei fin julegåve til voldasamfunnet neste år. Prosjektet rapporterast månadleg til Volda kommune om status økonomi, framdrift, kvalitet og HMS m.m.

Kommuneadminstrasjonen rapporterer så til politisk nivå gjennom tertialrapportering, og elles ved behov fram mot ferdigstilling. 

Prosjektkostnader

Prosjektet har ei samla kostnadsramme på knappe kr 250 000 000 inkl. mva.

Då er alle prosjektkostnader teke med, inkludert kostnader i samband med grunnkjøp, regulering og utvikling, administrasjon og prosjektstyring, og sjølvsagt også bygg- og anlegg - entreprise.

Så er det slike at store delar av utgiftene gir rett til momskompensasjon. Etter mva-refusjon er investeringssum for totalprosjekt nede i kr 201 900 000.

Ut frå dette er det utarbeidd ein finansieringsplan som vart godkjend av Volda Kommunestyre 23.05.2019.

Frå Kulturdepartementet har prosjektet fått godkjend søknad om spelemiddeltilskot på kr 27 800 000. Dei reelle kostnadane vert altså monaleg lægre enn kostnadsramma tilseier isolert sett.

Leigeavtalar

Ein avgjerande faktor for realisering av prosjekt mtp. totaløkonomien, er å sikre føreseielege og langsiktige leigeavtalar for å ivareta utgifter i driftsfasen etter at idrettsanlegget står ferdig.

Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune, vil verte dei viktigaste og største leigetakarane ved å bruke hallen som arena for kroppsundervisning i sine skular, i tillegg til at kommunen vil ha disposisjon på delar av arealet også på kveldstid.

Resten av tida skal disponerast av volleyball- og handballklubbane sjølv.

Entreprisemodell

Prosjektet gjennomførast som ei totalentreprise, der byggherre engasjerer berre éin kontraktspart for realisering av prosjekt.

Dette betyr at totalentreprenør har ansvar for både prosjekterande og utførande del. Som igjen inneber at totalentreprenør tek ansvar for alle fag i prosjektet, og har eigne kontraktar med underentreprenørar for fagområde som totalentreprenør ikkje dekkjer sjølv.

Alle tekniske rådgivarar, entreprenørar og leverandørar i prosjektet vil vere underlagt totalentreprenør, og ikkje gjennom byggherre. Byggherre har berre totalentreprenøren som sin oppdragstakar.

Kontrakt

Kontraktssummen for totalentreprenørens leveranse av kontraktsgjenstanden er på kr 183 000 000 eks. mva.

Kontraktsgjenstanden omfattar i dette tilfellet prosjektering og bygging av ferdig idrettshall, inklusiv all tilhøyrande kommunal infrastruktur og utomhusarbeid i tilknyting til bygget. 

Roller på byggeplass

Volda Campus Arena AS ved prosjektleiar KG Prosjekt AS følgjer opp byggherrerolla i samsvar med Byggherreforskrifta.

KG Prosjekt AS har igjen engasjert Per Mulvik AS til byggeleiing og dagleg praktisk oppfølging.

Volda kommune deltek også i byggherrerolla ved oppfølging, administrasjon, ansvar og er elles delaktig i avgjersler som takast i prosessen. Kommunen stiller med eigen intern prosjektleiar som følgjer heilskapleg prosjekt generelt, og oppfølging av alt utomhusarbeid spesielt.

Etter offentleg anbodskonkurranse vart Betonmast Røsand AS innstilt som totalentreprenør. Pr. i dag har Betonmast Røsand inngått avtalar med rådgivarar, entreprenørar og leverandørar oppstilt i tabell under.

Komplett liste med kontaktpersonar er lista opp under, og ligg også vedlagt nedst på denne sida.

TOTALENTREPRENØRENS PROSJEKTERINGSGRUPPE

FIRMA

RIB Plasstøypt betong- overordna bæresystem

Asplan Viak

RIB Stål - hovudbæresystem

Give Stålspær AS

RIB Konstruksjonssikkerheit, sekundært bærande delar stål

Pr. tid uavklart

RIB Prefabrikert betong

Spenncon AS

RIGeoteknikk

ERO GEO AS

RIAKU – Lyd - akustikk

SWECO Norge AS

RIByFy - Bygningsfysikk

SWECO Norge AS

RIBr - Brannprosjektering

SWECO Norge AS

RIVA – Utvendig VA

Asplan Viak AS

RIVeg – Offentleg vegareal

Asplan Viak AS

LARK

Asplan Viak AS

ITB Koordinator

Tussa Installasjon AS

TOTALENTREPRENØRENS UNDERENTREPRENØRAR/LEVERANDØRAR

FIRMA

Sanitær og varme

Brændes Rørleggerforretning AS

Tekniske fag - luftbehandling

Egset Ventilasjon AS

EL-installasjonar

Tussa Installasjon AS

Heis

Heisplan AS

Stålkonstruksjonar

Give Stålspær AS

Prefabrikerte betongelement

Spenncon AS

Sekundære vegg- og takelement

Pr. tid uavklart

Landmåling

Longvas Oppmåling AS

Grunnarbeid

Aurstad Tunnel AS

Rekkverk og trapper

Pr. tid uavklart

Takarbeid

Pr. tid uavklart

Glasfasade, ytterdører og vindu

Pr. tid uavklart

Malar og golvbelegg

Pr. tid uavklart

Lås og beslag

Pr. tid uavklart

Portar – leddheis

Pr. tid uavklart

Framdrift

Med unntak av grunnundersøkingar og seinare også prøvegraving, vart fyrste del av anbodet starta opp 08.07.

Fram til i dag har det vore fullt fokus på grunnarbeidet. Utomhusarbeid som infrastruktur og teknisk anlegg utgjer ein viktig og relativt stor del av prosjektet.

Det har vorte lagt ned nye avløpsleidningar frå Anders Vassbotnvegen og oppover mot Joplassvegen. Dette arbeidet skal grunnentreprenøren halde fram med utover hausten, og det skal gravast vass- og avløpsgrøfter heilt opp til gata Nytun ovanfor høgskulenområdet. 

Det har vore diverse utfordringar med kryssing av eksisterande teknisk anlegg i grunnen. M.a. ligg det høgspentkablar og vassleidningar, som dels har fordra utkopling ved nærføring.

For enkelte abonnentar i nærleiken har dette medført kortare nedstenging av vasstilførsel. Denne type nedstengingar vil også vere naudsynt ved enkelte høve seinare også.

Røyvde abonnentar skal varslast om dette på førehand, og vi praktiserer så kortvarige nedstengingar som overhovudet mogleg. 

Utlasting av byggegrop er også i gang for fullt og skal vere ferdig til 07.10. I denne perioden skal 30 000 m³ lastast ut og transporterast bort frå byggeplass.

All gråmasse tek kommunen imot på eige areal på Rotset, og kommunen vil gjenbruke denne massen til seinare behov og utbyggingsprosjekt.

Grunnentreprenør har også nettopp starta opp med å legge om bekken Djupegrova som i dag går gjennom tomta.

Då bekkeløpet kjem i konflikt med fotavtrykket til idrettshallen, og dessutan også regulert symjehall, skal den leggast om slik at den følgjer eigedomsgrensene mot nord og vest.

Elveløpet vert plastra med naturstein og det vert etablert gangveg langs bekken. 

Parallelt med oppstart grunnarbeid og dei fyrste deltiltaka på utomhus, har totalentreprenøren arbeidd vidare med detaljprosjektering for dei andre faga som kjem etter.

Det gjennomførast løpande prosjekteringsmøter og byggherremøter, og dei fleste detaljar i prosjektet må etter kvart låsast endeleg.

Betongarbeidet startar opp i månadsskiftet september-oktober med forskaling og førebuande arbeid til plasstøypte konstruksjonar.

Dei fyrste betongelementa vert levert i midten av november. Etter kvart som arbeidet med parkeringskjellaren og plan 1 ferdigstillast, vil arbeid med stålkonstruksjonane ta meir over.

Helse, miljø og trykkleik (HMS)

Både byggherre og totalentreprenør tek HMS på høgste alvor. Dette gjeld både for personar som arbeider inne på byggeplass og har anlegget som arbeidsplass, og sjølvsagt også for dei personar som oppheld seg utanfor byggeplass og er definert som publikum og 3. part.

Ein har eit medvit forhold til trafikkmønsteret i området og fokus på å få til eit smidig samspel mellom byggeaktivitet og dagleg logistikk.

Etter kvart vil Statsbygg også starte opp på mediabygget, så det er ingen tvil om at ein har eit utfordrande utgangspunkt med omsyn til å trafikkavvikling, både frå byggeplassane og frå dagleg aktivitet ved institusjonane i området. 

Entreprenør for mediabygget, PEAB Nordang, har fått godkjend søknad om å stenge Joplassvegen frå 10.10.2019.

Det kan hende at vegen vert stengd før, dersom dette viser seg særskild formålstenleg i eit HMS-perspektiv, og det reint praktisk ligg til rette for det.  Godkjend søknad på stenging av Joplassvegen ligg vedlagt nedst på denne sida.

Det vert etablert mellombels parkeringsplass og tilkomst frå aust, ved området mellom Sjukehusvegen og Ivar Aasen-bygget. Til då skal også forhåpentlegvis også alt gravearbeid på gangvegen langs E39 vere ferdigstilt.

Gravearbeidet ved gangvegen langs E39 har teke ein del lenger tid enn estimert av entreprenør, men dei arbeider på spreng for å få opna vegen til bruk for dei mjuke trafikkantane igjen.

Det har vore ein del heft og plunder med diverse eksisterande kablar og VA-leidningar i grunnen. Vi er no forhåpentlegvis forbi det mest kompliserte strekket.

Krysset mellom Joplassvegen og E39 har gangvegar på begge sider, og vi oppmodar sterkt mjuke trafikantar om særskild høg grad av varsemd i dette krysset.

Det går her skytteltrafikk med lastebilar ut og inn av Joplassvegen i samband med utlasting av byggegrop.

Vi minner også om at det ikkje er gangfelt i krysset, og ber innstendig om at publikum er medvit dette.

I samband med borttransport av masse frå tomta, er det diverre ikkje til å unngå at lastebilane vil drage med seg ein del støv ut på E39.

Entreprenør innarbeider gode rutiner på å handtere dette ved feiing og reingjering av vegen, men framleis slik at eit det ikkje vil vere mogleg å til ei kvar tid ha ein fullt ut strøken veg.

Sjølve feiinga vil også virvle opp sand og støv. Ein søkjer å gjere det beste ein kan for å oppnå optimal situasjon, men vi ber samstundes om forståing for dei utfordringar som er med dette.

Trøysta er at massetransporten vil vere mellombels og i ei kortare avgrensa periode. Det meste av utlastinga skal vere ferdig til oktober, og etter dette vil transporten avta og situasjonen betre seg.

Varsling og kommunikasjon

Totalentreprenør har ansvar for varsling og naudsynt kommunikasjon ut til publikum og ev. røyvd 3. part i dagleg drift i og ved anleggsområdet.

Betonmast Røsand har så langt hatt suksessiv dialog med naboar til byggeplass, både ved munnleg og ved skriftleg kommunikasjon.

Vi føreset at dette held fram utover byggeperioden. Førespurnader om anlegget skal i utgangspunktet rettast til totalentreprenør v/Svein Arne Strand, byggherre v/Arild Bakke eller prosjektleiar i kommunen v/ Pål-Are Vadstein.

Etter kvart vil også PEAB etablere rigg og starte bygging av mediabygget. Vi føreset at PEAB og Statsbygg ivaretek naudsynt varsling og kommunikasjon som omhandlar deira prosjekt.