Sesongvaksinering i veke 43 – Uppheim 22., 23. og 25. oktober – Hornindal 24., 30. og 31. oktober

Alfabetisk oppmøte. Les meir her.

Voldabadet

Voldabadet

Arbeidet med det som skal bli Voldabadet er snart inne i siste fase. 

Solveig Storeide gler seg til å kunne opne Voldabadet!

Solveig Storeide er dagleg leiar av Voldabadet - Klikk for stort bileteSolveig Storeide, dagleg leiar Voldabadet Volda kommune

Kva tid opnar det?

Vi siktar mot å ta over bassenget 27.11.24. Då startar vi testperiode og innkjøyring av rutinar m. m. Så opninga vert truleg i januar.

Kva inneheld Voldabadet?

  • Stort treningsbasseng
  • Opplæringsbasseng
  • Baby/plaskebasseng
  • Motstraumskanal
  • Kaldkulp
  • Badstove
  • Utandørs jacuzzi

 

Korleis er garderobene?

4 store garderober, med tilknytt lærargarderobe, 2 familie/HC/nøytral

Kan eg kjøpe årskort?

Ja, vi kjem til å ha dagskort, klippekort, halvårskort og årskort.

Vert det mogleg med publikumsbading i vekene, og korleis vert det på helg?

Det vert gode opningstider både laurdag og søndag, i tillegg til moglegheit for å få bade truleg kvar vekedag.

Kva med morgonsvøm?

Du skal få stå opp i gryotta å symje to dagar i veka

Jobb i symjehallen!

Vi har hatt utlysing, og tilsetjing er i gang. Men du kan sende open søknad til: solveig.storeide@volda.kommune.no

LEIGE:

Lite ledig, men nokre moglegheiter kan vise seg. Kontakt dagleg leiar på e-post: solveig.storeide@volda.kommune.no

Vi har ikkje landa korleis utleige av 3. etasje vert enda. Men der vert flotte lokale!

Oversikt plan 2 - Klikk for stort bileteOversikt plan 2 Planteikning

 

Solveig viser kvar vi skal setje skona våre når vi kjem til Voldabadet - Klikk for stort bileteSolveig viser kvar vi skal setje skona våre når vi kjem til Voldabadet Volda kommune Motstraumsbasseng utan vatn - Klikk for stort bileteMotstraumskanal Volda kommune Opplæringsbasseng - Klikk for stort bileteOpplæringsbasseng Volda kommune

 

 

 

Det store treningsbassenget - Klikk for stort bileteDet store treningsbassenget Volda kommune