Pris og moderasjon i barnehage

Pris og moderasjon i barnehage

Her finn du relevant informasjon om prisar og moderasjonsordningar i barnehage.

Pris for barnehageplass

Maksprisen for ein barnehageplass er styrt av regjeringa. Dette gjeld uavhengig av om det er privat eller offentleg barnehage. Barnehagane kan krevje betaling for matpengar i tillegg til maksprisen.

Kommunestyret har vedteke nye satsar, og frå 01.01.2025 er dette prisane:

Pris for barnehageplass 2025
Stad Barnehageplass Pris for plass Matpengar
Austefjord, Bratteberg, Engeset, Hornindal, Mork, Oppigarden 100 % 2000 450
Folkestad og Lauvstad 100 % 2000 450
Folkestad og Lauvstad 80 % 1890 360

Private barnehagar har eigne satsar, men aldri over den nasjonale maksprisen. Meir informasjon finn du på barnehagane sine eigne nettsider.

Oversikt over alle barnehagar i Volda.

Moderasjonsordningar i barnehage

Redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i barnehage

Foreldrebetaling for det første barnet skal maksimalt vere 6 % av hushaldet si samla person- og kapitalinntekt, begrensa oppad til maksimalprisen for foreldrebetaling.

Det kan søkast om redusert foreldrebetaling for barn som er 1 år og bur i hushald med lav inntekt. 

Alle 2,3,4 og 5-åringar, og barn med utsett skulestart som bur i hushald med lav inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 01.08.2024 er inntektsgrensa kr. 642 700,-.

Dersom hushaldet har fleire barn i barnehage, skal den få søskenmoderasjon for barn nummer to tilsvarande 30 %. For tredje eller fleire barn er barnehageplassen gratis.

Ordningane gjeld både kommunale og private barnehagar.

Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknad om redusert foreldrebetaling.

Det er ingen frist for å søke. Vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert, og ut barnehageåret.

Søk om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i barnehage

Moderasjonsordningar
  • Syskenmoderasjon
  • Redusert foreldrebetaling for hushald med lav inntekt
  • Gratis kjernetid for barn i hushald med lav inntekt
Syskenmoderasjon

Syskenmoderasjon gjeld for barnehageplass innanfor Volda kommune, og gjeld for både kommunal og privat barnehage.

Syskenmoderasjon vert gitt etter følgjande fordeling:

  • For barn nummer to: 30 % rabatt
  • For barn nummer tre eller fleire: 100 % rabatt

Det vert ikkje gitt syskenmoderasjon mellom barnehage og SFO.

Redusert foreldrebetaling for hushald med lav inntekt

Ein kan søke om redusert foreldrebetaling dersom maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 % av samla skattepliktig person- og kapitalinntekt for hushaldet.

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld i utgangspunktet for eit barnehageår om gongen. Foreldre må derfor sende inn søknad for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for inntekt.

Redusert foreldrebetaling gjeld berre opphald. Matpengar kjem i tillegg.

Søknad om reduksjon i foreldrebetaling skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i.

Her finn du meir informasjon om moderasjonsordning i barnehage, og rekneeksempel for berekning av foreldrebetaling.

Gratis kjernetid for barn i hushald med lav inntekt

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med lav inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphald i barnehage per veke.

Frå 1. august 2024 gjeld gratis kjernetid for barn i hushald med ei samla inntekt som er lavare enn kr 642 700,- per år. 

Her finn du meir informasjon om moderasjonsordning i barnehage, og rekneeksempel for berekning av foreldrebetaling:

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling/

Krav til dokumentasjon

Siste skattemelding må leggast ved søknaden. Dersom denne ikkje kan leggast fram, kan søkjar legge fram anna gyldig dokumentasjon som t.d.:

  • Vedtak frå NAV
  • Dokumentasjon frå arbeidsgivar som viser vesentlig endring i lønn
  • Siste lønnsslipp

NB! Det er viktig at all skattbar inntekt er med.  Søknaden vert ikkje handsama før dokumentasjon på lønn/inntekt ligg føre.

Handsaming

Søknad sendast inn via Vigilo foreldreportal. Søknadar vert handsama etter kvart, med vedtak som gjeld frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet. Dokumentasjon må då vere levert i lag med søknaden. Søknad utan dokumentasjon vert ikkje handsama. Søknaden varer for eit barnehageår om gangen. 

Kontakt

Bodil Brautaset
avdelingsleiar barnehage
E-post
Telefon 70 05 88 73
Mobil 91 19 45 98