Personvern og omgrep

Personvern og omgrep

I det som gjeld personvern er det mange omgrep som kan vere vanskeleg å forstå. Denne sida skal prøve å gi ei kort oversikt.

Personopplysning

Ei personopplysning er alle opplysningar og vurderingar som kan knyttast til deg som enkeltperson. Døme på dette er namn, adresse, telefonnummer, bilete og epostadresse. Om ein går i barnehage eller skule er vurderingar knytt til utvikling og fagleg ståstad og døme på personopplysningar. Ein kan lese meir om personopplysningar på Datatilsynet sine sider.

Behandlingsansvarleg

Kommunen er behandlingsansvarleg. Som behandlingsansvarleg bruker ein ulike personopplysningar til å utføre ulikt arbeid - eller det ein omtalar som formål. Dette kan for eksempel vere at ein handsamar søknad om barnehageplass, tildeler skuleplass og gir opplæring i barnehage/skule. Som behandlingsansvarleg er kommunen ansvarleg for å følgje personvernprinsippa og behandle personopplysningane på ein lovleg, rettferdig og gjennomsiktig måte. Meir om dette kan ein lese om på Datatilsynet sine sider.

Databehandlar

Kommunen nyttar mange eksterne datasystem for å gjere jobben sin. Før ein tek desse systema i bruk inngår kommunen som behandlingsansvarleg avtale med leverandøren av eit gitt system. Denne avtalen seier noko om kva personopplysningar kommunen deler med leverandøren, kva sikringstiltak ein skal ha og kva sletterutinar ein skal ha. I Volda kommune er det ei eiga gruppe som kvalitetssikrar desse databehandlaravtalane, slik at ein er trygge på at dei har eit innhald som er lovleg og sikkert.

Formål og behandlingsgrunnlag

Som behandlingsansvarleg må kommunen alltid ha eit formål med å be om/samle inn personopplysningar. Formålet skal seie noko om kvifor ein treng personopplysningane. For å behandle personopplysningane må ein ha eit lovleg behandlingsgrunnlag. For oss som kommune er det ulike behandlingsgrunnlag vi kan/må nytte oss av for at behandlinga skal vere lovleg:

- rettsleg grunnlag. Det vil seie at vi som kommune har ei rettsleg plikt til å tilby ei teneste. Dette kan for eksempel vere opptak til barnehage eller tildele skuleplass.

- Å utøve offentleg mynde, eller utføre ei interesse i allmenheita si interesse. Dette kan for eksempel vere når ein skule tek i bruk ulike, digitale læremiddel. Dette gjer kommunen for å oppfylle plikta ein har til å tilby undervisning.

- samtykke. Fleire formål er ikkje ei plikt for kommunen å oppfylle, men ein ønskjer å gjere det likevel. Til dette må den det gjeld gi sitt samtykke. Samtykke skal vere frivillig, vere spesifikt for formålet, godt informert og ein skal kunne trekke det like lett som ein gav det. 

Meir om behandlingsgrunnlag kan ein lese om på Datatilsynet sine sider.