PPT skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikta er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skular med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.
PP-tenesta sitt mandat er regulert i Barnehagelova § 33 og Opplæringslova § 5-6.
PP-tenesta har både system- og individretta arbeidsoppgåver, og det er viktig at oppgåvene sjåast i samanheng.
Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har felles PP-teneste. Ulstein er vertskommune for den interkommunale PP-tenesta.
Du finn meir informasjon om PPT på Ulstein kommune si heimeside.