Volda læringssenter tilbyr tilpassa førebuande opplæring for vaksne.
Kven er tilbodet for?
Dei som treng førebuande opplæring i fag eller i grunnleggjande ferdigheiter, men ikkje lenger har rett til grunnskoleopplæring etter § 2-1, har rett til førebuande opplæring for vaksne.
Søkjarar har mellom anna rett til førebuande opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring før, dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom. Når det skal vurderast om ein søkjar treng førebuande opplæring, skal det takast omsyn til kva søkjaren sjølv meiner.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5, har ikkje rett til førebuande opplæring etter denne paragrafen.
Jmf. Opplæringslova § 18-2.
Kva omfattar opplæringa?
Retten til opplæring omfattar dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført førebuande opplæring for vaksne: norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag.
Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.
Kva kostar det?
Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.
Korleis søker eg om FOV?
Her er lenke til søknadsskjema.
Sjå også: individuelt tilrettelagt opplæring for vaksne
Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.
Adresse
Adresse: Høgtunvegen 13, 6104 VOLDA
Kontaktinfo
Avdelingsleiar: Gunstein Ohma, tlf: 46 37 69 79
E-post: gunstein.ohma@volda.kommune.no