Spesialundervisning, individuelt tilrettelagt opplæring (ITO), for vaksne

Spesialundervisning, individuelt tilrettelagt opplæring (ITO), for vaksne

Kven kan få spesialundervisning?  

Vaksne kan ha rett på spesialundervisning ut frå to kriterium: 

Det eine kriteriet er at den vaksne eleven ikkje har tilstrekkeleg utbytte av den ordinære opplæringa i vaksenopplæringa. 

Det andre kriteriet er at den vaksne eleven har behov for å utvikle eller vedlikehalde grunnleggande ferdigheiter. Det kan være aktuelt dersom eleven etter å ha fullført vidaregåande opplæring framleis treng opplæring, eller har fått ein skade eller ein sjukdom og treng hjelp for å fungere i det daglege. 

(Sjå Utdanningsdirektoratet sine sider om spesialundervisning for vaksne og Opplæringslova ) 

I Volda kommune er spesialundervisning for vaksne organisert av Volda læringssenter. 

Spesialundervisning kan vere tilbod til vaksne med: 

  • medfødd eller erverva funksjonsnedsetjing 
  • synshemming 
  • høyrselshemming 
  • språk- eller talevanskar, afasi 
  • spesifikke lærevanskar 
 

Før skulen gir tilbod om spesialundervisning skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering. 

 
Eksempel på fagområde det kan gjevast spesialundervisning i: 

Grunnleggande ferdigheiter i grunnskulefag og i grunnleggande ferdigheiter som: 

  • kommunikasjon 
  • lesing/skriving 
  • rekning 
  • digitale ferdigheiter/bruk av IKT 
  • ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon) 
  • opplæring i bruk av diverse hjelpemiddel 
  • høyrselspedagogisk opplæring: 
    - opplæring i teikn som støtte for tale 
    - lyttelæring etter CI 
  • ADL (dagleglivets aktivitetar) 

 

Korleis søker du?  

Du søker til Volda læringssenter 

Søknadsskjema

Ta gjerne kontakt for meir informasjon. 

Kontakt

Gunstein Ohma
avdelingsleiar vaksenopplæring og integrering
E-post
Mobil 46 37 69 79