Her er fleire måtar du kan bidra på:
Samtalegruppe: Volda læringssenter, Vikebygda og Sjukehusvegen
Tysdagar kl 13:00 – 14:00
Kvar veke har elevane ved norskopplæringa satt av ein time til samtalegruppe, kor frivillige kjem til læringssenteret for å øve norsk med elevane her. Vi delar elevane inn i små grupper, slik at dei får moglegheit til å praktisere den norsken dei har lært på skulen. Dette er eit veldig populært tilbod som mange set stor pris på.
Det er ope frammøte, man treng ikkje å melde seg på forhand, og man treng ikkje å kome kvar gong.
Lån ein Volding
På Volda bibliotek er det «Lån ein Volding» kvar laurdag kl 12:00 – 13:00.
Det er stort behov for frivillige.
Leksehjelp
Det er behov for leksehjelp for mange elevar ved Volda læringssenter. Ein kan bruke lokale ved læringssenteret i opningstida, eller ein kan bruke biblioteket i Volda til leksehjelp.
Ta kontakt med Volda læringssenter, så kan vi organisere dette.
Flyktningguide
Volda Røde Kors samarbeider med Volda læringssenter og Frivilligsentralen om Flyktningguide, for å opprette kontakt mellom flyktningar og lokalbefolkninga. Gjennom denne kontakta kan flyktningane byggje verdifulle sosiale nettverk.
Røde Kors har laga ein video om kor viktig språk er for integrering og kor mykje det betyr å ha ein god ven man kan vere trygg på når ein kjem til eit heilt nytt sted.
Sjå videoen og bli kjend med Samson fra Eritrea og flyktningguiden Arvid her.
Vil du bruke litt av di tid til å gje menneske ein betre start i eit nytt land?
Facebook: Intro Volda
Habil
Er du flink til å køyre bil, og kan hjelpe andre til å bli det? Habil har fleire biler tilgjengeleg for deg, og Røde Kors kan sette deg i kontakt med personar som treng køyretrening.
Habil vil hjelpe flest mogleg til førarkort ved å tilby mengdekøyring med frivillige personar til personar utan sosialt nettverk. Du kan kontakte Habil på Facebook eller ta kontakt med kontaktpersonane som er lista opp under.
Facebook: Habil Volda
Kontakt
Fagleiar busetting og kvalifisering
Marianne Solheim
E-post: marianne.solheim@volda.kommune.no
Programrådgjevar
Ellen Hesselberg
Tlf: 917 90 347
E-post: ellen.hesselberg@volda.kommune.no
Programrådgjevar
Ingvild Espe Bae
Tlf: 915 59 450
E-post: ingvild.espebae@volda.kommune.no