Kva vil det seie å vere ein Fairtrade-kommune?
Som Fairtrade-kommune har Volda forplikta seg til å kjøpe inn minst to ulike Fairtrademerka produkt, og sette seg mål om ein prosentvis auke over tid.
I Volda kommune har vi valt å kjøpe inn kaffi og kakao.
For kaffi har vi eit ambisiøst mål om å auke Fairtradedelen frå 50 % i 2019 til 70 % i 2021, og så 90 % i 2023.
Gjennom våre innkjøp bidreg vi som Fairtrade-kommune til utvikling hos bønder og arbeidarar, og er med på å motarbeide fattigdom i utviklingsland.
Kva er Fairtrade?
Fairtrade er ei anerkjend, uavhengig internasjonal merkeordning for rettferdig handel.
Når enkeltpersonar, bedrifter eller ein kommune vel å kjøpe Faitrademerka produkt, bidreg vi til at arbeidarar og bønder i utviklingsland får ordentlege løns- og arbeidsvilkår.
Gjennom Fairtrade-handel vi til at bøndene og arbeidarane ved eiga hjelp kan klare å løfte seg sjølv og familien sin ut av fattigdom.
Om du ønsker å lese fleire detaljar om kva Fairtrade er, kan du lese meir på Fairtrade si heimeside.
Interkommunal styringsgruppe
Ein Fairtrade-kommune vert også oppmoda til å drive med informasjonsarbeid.
I Volda er dette delegert til ei interkommunal styringsgruppe som består av ein kommunal representant frå Volda og ein frå Ørsta, i tillegg til personar frå ulike lag og organisasjonar i desse kommunane.
Du finn meir informasjon om Fairtrade-samarbeidet på Fairtrade Volda og Ørsta si Facebook-side.
Styringsgruppe Volda og Ørsta