Viltforvaltning

Viltforvaltning

Kommunen har eit overordna ansvar for viltforvaltninga lokalt og ivaretaking av viktige leveområde for viltet gjennom arealplanlegging.

Volda og Ørsta kommune har starta eit prosjekt med oppdatering av viltkartverket der viktige funksjonsområde vert kartlagt og verdsett.

Kommunen er ei stor hjortekommune og det er utarbeidd eigne kommunale bestandsmål for hjortebestanden. Målet er å redusere bestanden og få bestandsutviklinga under kontroll.

Det er også utarbeidd eigne retningsliner for forvaltning av det kommunale viltfondet, med årleg søknadsfrist den 15. november 

Ansvaret for viltforvaltninga ligg til miljøvernrådgjevar, men den praktiske hjorteviltforvaltninga vert følgt opp av landbrukskontoret som er plassert på rådhuset i Ørsta.