Sesongvaksinering i veke 43 – Uppheim 22., 23. og 25. oktober – Hornindal 24., 30. og 31. oktober

Alfabetisk oppmøte. Les meir her.

Fråkopling av taknedløp

Fråkopling av taknedløp

Når kommunen graver nye vatn og avløpsleidningar i området du bor, kan du få pålegg om å kople frå drens og takvatn (overvatn) frå avløpsleidninga. I gamle dagar vart drens og takvatn ført inn på avløpsleidninga frå bustaden. Dette vatnet endar opp på avløpsreinseanlegget, og ein enda opp med å reise reint vatn. I tilegg aukar fara for at du får tilbakeslag av kloakk i kjellaren dersom leidninga di går tett. 

Dersom du skal endre din private vatn og avløpsleidning vil det same kravet gjelde. Du må då grave ny privat overvassleidning til næraste kommunale overvassleidning. Dersom det er eit vassdrag i nærleiken kan du føre overvatn dit. 

Ein entreprenør vil kunne hjelpe deg med å søke til kommunen om omlegging og grave nye røyr for deg. 

Merk at vi ikkje stiller krav til at du må drenere på nytt. Det er kun frå sandfang til kommunalt nett du må kople frå avløpsleidninga. 

Sjå video som Skien kommune har laga her: