Sanitærabonnement - tilknyting vatn og avløp
For å kople deg til det kommunale vass- og avløpsnettet må du sende inn søknad om sanitærabonnement til Volda kommune.
- Søknadsskjema skal vere utfylt av ansvarleg søkar. Ansvarleg søkar er røyrleggarfirma eller anna firma med kompetanse på legging og kopling av røyr. Sjå link under for å kome til søknadsskjema.
- Søknaden skal vere godkjent før arbeidet startar.
- Tilkoplingsavgift skal vere betalt før ein kan kan kople seg til det kommunale leidningsnettet.
- Ei skisse av planlagt tiltak må leggast ved.
- Arbeidet skal utførast av ansvarleg føretak i samsvar med standard abonnementsvilkår, og tiltaket skal dokumenterast med innmåling.
- Graving på kommunal grunn krev graveløyve og må sendast inn som eige søknadsskjema.
- Dersom røyrleidninga kryssar eigedomen til andre, eller er tilkopla felles private anlegg, må du legge ved dokumentasjon på tinglyste fråsegner om dette.
- Byggetiltak skal ikkje føre til auka avrenning til det kommunale overvassnettet. Det er krav om infiltrering eller fordryging av drens- og overvatn.
Klikk her for å kome til søknadsskjema.