Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken

Frå føremålet med Den kulturelle spaserstokken:

Det overordna målet for Den kulturelle spaserstokken er å legge til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren. Det er eit mål at tilskotet bidreg til å utvikle gode kunst- og kulturprosjekt for eldre innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk. Midlane skal hovudsakeleg bli brukt til å finansiere profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå.

I Volda er det aldersinstitusjonane som vert prioritert i den kulturelle spaserstokken, men ein mindre del av midlane går til å kjøpe kulturprogram til arrangement i regi av pensjonistlaget i Volda og seniortreff i Hornindal. 

Ein komite samansett av leiar for heimebasert omsorg/omsorgsbustadane, 2. etg. ved omsorgssenteret, pensjonistlaget og leiar v.frivilligsentralane administrerer midlane frå den kulturelle spaserstokken. 

Det vert ikkje opna for andre aktørar å søke av midlane som kommunen får tidelt.