Frivilligsentralane høyrer inn i under sektor samfunnsutvikling.
Volda har ein stor og mangfaldig frivillig sektor, og ein hovudfunksjon til frivilligsentralen er å vere kommunen sitt kontaktledd og støttespelar til denne. Vidare ligg det til frivilligsentralane å skape eller støtte opp under inkluderande møteplassar i tråd med frivilligsentralane sin fellesvisjon «møte mellom menneske».
Frivilligsentralar er kjenneteikna ved å vere fleksible, lette å nå, løysingsorienterte og at det skal vere kort veg frå ide til handling.
Begge frivilligsentralane i Volda kommune har lang fartstid, begge vart etablerte i 1997, då som stiftingar. I dag er begge sentralane eigd av Volda kommune, med kontor høvesvis på Volda rådhus og Smia i Hornindal. Frivilligsentralane ligg under sektor samfunnsutvikling, og har to tilsette, kvar i 100% stilling i tillegg til innleigd ekstrahjelp mellom anna i BUA (utlånssentral).
Sentralane har det siste året gått gjennom ei omorganisering. Det er sett ned retningsliner for kva dei skal jobbe med, og det er etablert ei ressursgruppe.
Frivilligsentralane skal arbeide for:
- god samhandling mellom kommune og frivillig sektor der det er naturleg
- å ha god kunnskap om og oversikt over frivillig sektor og organisasjonslivet i heile kommunen
- kunne rådgje lag og organisasjonar i søknadsprosessar, rapportering, organisasjonsarbeid og nettverksarbeid
- å legge til rette for kurs for frivillige lag og organisasjonar etter ynskje og behov
- koordinering av lågterskel møteplassar og aktivitetar for alle aldersgrupper (føresetnad er at desse ikkje vil vere i konkurranse med andre etablerte møteplassar)
- å rekruttere, koordinere og formidle frivillige til ulike praktiske oppdrag
- å kunne ta på seg oppgåver som kontaktfunksjon for 17. mai-komiteen i Volda sentrum, koordinering av Tv-aksjon, kommunal frivilligpris med meir
- drift og finansiering av BUA-sentralane
- etablering og oppfølging av frivilligforum
- å søke midlar til ulike aktivitetar og tiltak
Frivilligforum
I 2024 jobbar frivilligsentralane med å etablere Frivilligforum, ein møtestad der frivillige lag og organisasjonar i heile kommunen kan drøfte felles saker og bli betre kjende. Vi jobbar også med ei samhandlingsplattform for Volda kommune og frivillig sektor (“frivilligplan”). Begge desse prosessane har som mål og virkemiddel å styrke samarbeidet mellom sentralane og det frivillige livet i Volda.
Ressursgruppe
Etter forskrift frå staten er det nyleg sett ned ei ressursgruppe, som skal fungere som eit rådgivande organ for dei tilsette i sentralane. Dette for å sikre god kjennskap til og kontakt med frivillig sektor. Gruppa består førebels av Gunnar Andenes, Bente Engeseth, Reidunn Otterdal og Mona Helen Kile, som samla har svært brei kontaktflate med Volda-samfunnet.
Ein føresetnad for at vi skal nå ut til alle krikar og krokar er at vi til ei kvar tid har oppdatert kontaktinformasjon for alle lag og organisasjonar, og dette er ei oppmoding: Når årsmøtet er ferdig, send oss informasjon om nytt styre.
Ta kontakt med oss om du har noko på hjartet!
Kontaktinformasjon:
Astrid Gjersdal, leiar Volda frivilligsentral
Telefon: 91 72 56 39
Epost: astrid.gjersdal@volda.kommune.no