Kan du tenke deg å vere fritidskontakt?

Kan du tenke deg å vere fritidskontakt?


Fritidskontakt er ein ressurs som gjennom samvær og ulike aktivitetar skal gi hjelp og støtte, og bygge tillit og relasjon slik at barn / ungdom får ei trygg og meiningsfull fritid. Ei fritidskontakt er ein medarbeidar som er løna av kommunen. Vi treng fritidskontakter til barn i alderen 6-16 år, vi har eit kontinuerleg behov for dette.  

Barnevernstenesta treng særskilt fritidskontakt til ein gut på 14 år som liker fotball og speling, som kan være ein god rollemodell og ressurs inn i både skule og på fritida.

 

Dersom nokon kan tenke seg slike oppdrag, ta kontakt med interkommunal barnevernsteneste på telefon 94154305 ved Anette Hauger. Sjå https://www.volda.kommune.no/ for nærare opplysingar om oppdraga.