Namnekonkurranse for det nye symjeanlegget

Namnekonkurranse for det nye symjeanlegget

Vi vil ha DITT forslag til kva det nye anlegget skal heite! Send inn før 22. mai.

Bilete av løysingsforslaget til Christie & Opsahl AS. UTsida av den nye symjehallen. - Klikk for stort bilete Christie & Opsahl AS

 

Bygginga av den nye symjehallen skrid fram og medan anlegget tek form, inviterer kommunen no alle innbyggarane til å delta i ein namnekonkurranse for å finne eit passande namn til det nye anlegget.

"Vi ønskjer eit namn som ikkje berre speglar funksjonen til symjehallen, men også syner til Volda. Vi er i ei spennande tid, og kva er vel meir naturleg enn å la innbyggjarane, som vil nytte anlegget, vere med på å bestemme kva det skal heite?" seier dagleg leiar for det nye anlegget, Solveig Storeide.

Den nye symjehallen vert eit samlingspunkt for både fastbuande og besøkande. Med fasilitetar som eit stort treningsbasseng med stupetårn på 1, 3 og 5 meter, opplæringsbasseng, babybasseng, vannsklier, badstu, kaldkulp, og jacuzzi, er det lagt opp til aktivitetar for alle aldersgrupper.

«Eg tenker at namnet på symjehallen bør reflektere klart kva anlegget står for. Symjehallen er eit viktig offentleg bygg i Volda, og eg håper namnet kan gi ei oppleving av identitet, tilknyting og inspirere til aktivitet og helse», seier ordførar Sølvi Dimmen. 

Av alle som deltek i konkurransen vert det trekt ut to vinnarar som vil få kvart sitt sesongkort til anlegget. Innsendte forslag vil verte vurdert og handsama politisk.

Namneforslag kan sendast til postmottak@volda.kommune.no innan 22. mai. 


Husk å merke med: namneforslag symjeanlegg