Vigilo - oppvekst - og administrasjonssystem

Vigilo - oppvekst - og administrasjonssystem

Vigilo | Hjem

Vigilo - Informasjon til føresette

sent av: Bodil Brautaset på 28. Juni 2023 på 09:30

Kommunene på Søre Sunnmøre (Sjustjerna) har i fellesskap gått til innkjøp av nytt komplett oppvekst- og administrasjonssystem.

Det nye systemet er Vigilo, og skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

Kommunen tek i bruk Vigilo frå 01.08.2023. Vigilo erstattar da Edlevo.

Kva er Vigilo? 

Vigilo er eit heilskapleg system, der det er enkelt for deg å ha oversikt over all informasjon om dine barn. Dette er uavhengig av om barna går i barnehage, skule/SFO.

Her har ein samla meldingar, nyhende, fråvær, vurderingar, samtykke, søknadar med meir, på same stad.

Kommunen kan og ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og handtere faktura for plass i barnehage og SFO.

Digital kommunikasjon 

Kommunikasjonsmodulen er ein eigen del av Vigilo som vert nytta for digital kommunikasjon mellom heim og barnehage, skule og SFO.

Kommunikasjonen i Vigilo går føre seg bak innlogging, og erstattar foreldreappen Edlevo og mindre sikre kommunikasjonsplattformer som e-post, SMS og ranselpost.

Ved å bruke ei lukka løysing er kommunen i stand til å behandle personopplysningar på ein forsvarleg måte, og bidreg også til å sikre at dei tilsette kan halde teieplikta (forvaltningslova § 13).

I appen Vigilo kan du:

  • lese og sende meldingar
  • lese nyhende
  • melde fråvær

I nettleser kan du i tillegg:

  • fylle ut samtykke
  • fylle ut helseopplysningsskjema for barnehage
  • søke om permisjon frå skule
  • søke om redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO
  • søke og endre plass i barnehage og SFO
  • melde deg på aktivitetar og møte
  • sjå timeplanen
  • sjå vurderingar
  • sjå fråværsoversikt
  • sjå merknadar

 

Du kan bruke foreldreportalen på alt utstyr som er på nett; telefon, PC/Chromebook og nettbrett.

Om de vil vite meir om Vigilo og deira system, så kan de lese meir her: https://vigilo.no/?

 

Frå 01.08.2023 kan de logge inn på foreldreportalen her: https://vigilo.no/volda/