Kjøkkendrift og meny

Kjøkkendrift og meny

Volda omsorgssenter har kantine som er open for alle som vil kome innom for ein matbit.

Kantina, Kaffistova, er ei opa kantine for besøkande, tilsette og andre som har lyst til å kome innom for ein matbit.

Vi har ope: 

 Kaffistova er opa 17.Mai for alle frå kl 11.00 til 14.30. Sal av rømmegraut, spekemattallerken og mykje gode kaker, vel møtt. 

  • Tysdag til torsdag frå kl 11.00–15.00
  • Fredagar frå kl 11.00–14.30
  • Søndagar frå kl 11.00–15.30

 

I kantina serverer vi div. påsmurte bakevarer, yoghurt, ulike drikker og kaker. I tillegg har vi dagens middag, som ofte er den same som resten av huset får servert.

Torsdagar serverer vi potetball med tilbehør (som ein også kan ta med heim) og søndagar har vi tradisjonell søndagsmiddag med dessert og gode kaker.

For bestillingar kan ein ringe telefon  47 71 68 83.

Meny

Her finn du menyen (PDF, 360 kB)

 

Sjølvbeteningsdisk på kafé med kaker og påsmurde rundstykker og baguettar - Klikk for stort bilete Volda kommune / BE

Kontakt

Hege Daugstad
seksjonsleiar kjøkkendrift
E-post
Mobil 97 72 07 98