50 år sidan homoparagrafen vart oppheva i Noreg

50 år sidan homoparagrafen vart oppheva i Noreg

Orførar Sølvi Dimmen med Pride-flagg. - Klikk for stort bileteOrførar Sølvi Dimmen markerer dagen med Pride-flagg.

I dag markerer vi at det er 50 år sidan homoparagrafen vart oppheva og sex mellom menn vart lovleg i Noreg.

Vi opplever at Volda er eit inkuderande samfunn, men det er faktisk ikkje meir enn 50 år sidan det var straffbart med homoseksualitet i Noreg. I 68 land er det framleis straffbart. 

Modige personar har stått fram og gjort at det i dag er eit mykje større aksept for at folk kan få vere den dei er. Eg håpar at Volda er ein stad der folk kan bu og trivast og vere den dei er, same kva slags legning dei måtte ha, seier ordførar Sølvi Dimmen. Vi er glade for at den lovparagrafen er fjerna, seier ordføraren som markerer dagen med Pride-flagget.