Aktiv fritid for alle 2023

Aktiv fritid for alle 2023

Fotballbane  - Klikk for stort bilete Volda kommune

Å delta på fritidsaktivitetar og vere saman med andre er viktig for alle. Lag og foreningar som vil gjere ein innsats for å inkludere fleire i organiserte fritidsaktivitetar der dei bur, kan søke om støtte frå Gjensidigestiftelsen.

Det er søknadsfrist 1. september.

Gjensidigestiftelsen ønsker spesielt å støtte tiltak for å rekruttere fleire frivillige til organiserte fritidsaktivitetar.

Les meir om målgrupper, kva det blir gitt støtte til, kva søknader som blir prioritert, kven som kan søke støtte og kor mykje ein kan søke om på sidene til Gjensidigestiftelsen: Aktiv fritid for alle 2023 - Gjensidigestiftelsen