Pexels.com
Det kjem mange flyktningar som ønskjer å vere med på ulike aktivitetar, og vi ønskjer difor å lage ei god oversikt over alle lågterskeltilbod som er ope i sommar. Gjer vel og send informasjon på e-post til hornindalfrivilligsentral@volda.kommune.no dersom ditt lag eller organisasjon har aktivitet i sommar. Om de har lyst å få til noko, og treng drahjelp, ta kontakt!
Minner også frivillige lag og organisasjonar om å nytte Volda.friskus.com for å synleggjere aktivitetane dykkar. Om de treng hjelp til registrering, ta kontakt med mona.kile@volda.kommune.no