Anleggsarbeid på Øvre Heltne og Bjørnevegen

Anleggsarbeid på Øvre Heltne og Bjørnevegen

Skilt til gangveg i Bjørnevegen på grunn av anleggstrafikk som kan skape farlege situasjonar for turgåarar - Klikk for stort bilete Kjetil Årøen

Vi ser at Bjørnevegen er ein mykje nytta turveg, men for å hindre farlege situasjonar, ber vi om at mjuke taffikantar nyttar Bergsvegen ein periode.

Vi har ein del utfordringar med kombinasjonen mjuke trafikkantar og anleggsdrift på Øvre Heltne.

Vi ser at Bjørnevegen er ein mykje nytta turveg, men i ein periode framover vil det vere mykje aktivitet langs vegen med gravemaskiner og lastebilar, nettopp for å legge til rette for gåande og syklande.

For å unngå at nokon vert skadd så ber vi om at turgåarar og andre nyttar Bergsvegen så lenge det pågår anleggsverksemd i Bjørnevegen.

Entreprenør opplever at enkelte bilistar passerer anleggsområdet i svært høg fart. Vi ber om at alle viser omsyn og senker farta når dei kjører forbi anleggsområdet. 

Kartutsnitt som visert Alternativ rute om Bergsvegen i staden for Bjørnevegen  - Klikk for stort bilete Kartutsnitt

Denne «omvegen» er om lag  200 meter lenger.

Bilde frå Bjørnevegen som viser anleggtrafikk og turgåarar. - Klikk for stort bilete Kjetil Årøen