Auke i tilfelle av kikhoste

Auke i tilfelle av kikhoste

Informasjon om kikhoste og tilråding frå kommuneoverlegen.

Folkehelseinstituttet (FHI) rapporterer at det er auke i tilfelle av kikhoste, og situasjonen vert vurdert som eit nasjonalt utbrot grunna auken i smittetilfelle over fleire månader.

Kikhoste vert kalla «hundredagershosten». Den er svært smittsam, men for elles friske folk først og fremst plagsam.

Dei som har risiko for alvorleg sjukdom viss dei får kikhoste, er uvaksinerte eller delvis vaksinerte barn under 2 år. Sjukdomen er alvorlegast for spedbarn. Andre med risiko er uvaksinerte barn, ungdom og vaksne som har medfødd hjartefeil, immunsvikt eller alvorleg astma.

Kikhostevaksine er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg, og siste dose vert sett i 10. klasse (15 år). FHI tilrår at vaksinen vert teke på nytt når det har gått meir enn 10 år sidan sist.

Gravide får gratis vaksine.

FHI tilrår særskilt at alle som arbeider med barneomsorg og har tett kontakt med sårbare barn vaksinerer seg.  Hovudgrunnen er å hindre smitte frå den vaksne til barn.

Det vert difor tilrådd at tilsette på helsestasjon og i barnehagar vaksinerer seg viss

·         dei er uvaksinerte

·         det er meir enn 10 år sidan sist vaksine

Resept på vaksine kan ein få hjå fastlegen, og den kan setjast av fastlegen eller på lokalt apotek.