Avgjerd i klagesak om Volda symjehall

Avgjerd i klagesak om Volda symjehall

Løysingsforsalg symjehall - Klikk for stort bileteLøysingsforsalg symjehall Illustrasjon Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) har behandla klagen i samband med val av leverandør til totalentreprise for Volda symjehall.

Volda kommune vart i samband med val av leverandør til totalentreprise for Volda symjehall klaga inn for Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA).

KOFA har behandla klagen som prioritert sak i nemndsmøte 19. april. KOFA konkluderer med at det er gjort to feil i evaluering av tilboda, men at desse ikkje er store nok til å påverke utfallet av konkurransen. Klagar sin påstand om at vald leverandør skulle vore avvist vart ikkje teke til fylgje. Christie & Opsahl AS står derfor som vinnar av konkurransen.

Kommunestyret skal ta stilling til finansiering av symjehallen 28. april. Dersom prosjektet vert finansiert vert prosjektet vidareført i samsvar med tidlegare politiske vedtak.