Besøk av NRK på filmkurs i Volda

Besøk av NRK på filmkurs i Volda

Natasha Dahle blir intervjua av NRK - Klikk for stort bileteNatasha Dahle, tiande klasse på Volda ungdomsskule og Sverre Mollan, kurshaldar hos DIGGA, blir intervjua av NRK. Kristina Bjørdal Kostopoulos, Volda kommune

Måndag 20. februar fekk ungdommane som deltek på filmkurs besøk av NRK som ville høyre meir om kurset.

Ungdomsklubben Ung i Volda har invitert DIGGA- Digitalt og audiovisuelt akademi til å halde gratis intensivkurs for ungdom på samfunnshuset i vinterferien. DIGGA lærer barn og unge korleis dei kan gå frå å verte påverka av innhald på internett, til å sjølv positivt påverke andre. 

Måndag fekk vi besøk frå NRK radio, og Arne Flatin, journalist i NRK, som ville høyre meir om tilbodet.

UNG kunst og kultur» er eit tiårig verdiskapingsprogram der fylkeskommunen (mrfylke.no) vil bidra til eit breitt og mangfaldig kulturtilbod til barn og unge i heile fylket. Kunst og kultur er eit verkemiddel for å auke trivsel, kjensle av å høyre til og til å utvikle sine ferdigheiter innan det ein likar å halde på med. 

Fylkeskommunen og kommunane i Møre og Romsdal vil på denne måten støtte opp om tiltak som bidreg til å gi ungdom rom til, og møtestadar til å lære, erfare, uttrykke seg og utvikle seg gjennom kunst og kultur.

Kurset som går i vinterferien vert finansiert av midlar frå fylkeskommunen.