Blålyskøyring torsdag og fredag

Blålyskøyring torsdag og fredag

Brannavdelinga skal ha vedlikehaldstrening med utrykkingskøyring for sjåførar i Volda og Hornindal torsdag (6 juni) kl 14-20 og fredag( 7 juni) kl 08-17. 

Brannavdelinga skal ha vedlikehaldstrening med utrykkingskøyring for sjåførar i Volda og Hornindal torsdag (6. juni) kl 14-20 og fredag (7. juni) kl 08-17.  Det blir brukt sertifisert instruktør og eigne køyretøy med blålys og sirene.

Brannbil med blålys - Klikk for stort bilete Volda kommune, brann og redning

Viktige tips om ein møter utrykkingskøyretøy:

 

  • Blink og køyr ut til sida. Då forstår sjåføren av utrykkingskøyretøyet at du har sett dei.
  • Ikkje stopp før eller midt i ein sving. Ved høgresving køyr ut av svingen før du svingar ut.
  • Senk farta, men ikkje bråbrems.
  • Sjå på andre trafikantar om dei legg seg ut til høgre.
  • Sjå på utrykkingskøyretøyet kva veg det signalisera til dømes i kryss og avkøyringar.
  • Ikkje følg etter utrykkingskøyretøy.