Bli med på Melshornløpet – NM i motbakkeløp laurdag 05.09.2026

Bli med på Melshornløpet – NM i motbakkeløp laurdag 05.09.2026

Vel mellom konkurranseklasse, trimklasse eller Melshornløpet Mini for barna

Melshornløpet er eit flott arrangement som kombinerer folkehelse, idrett og kultur, og vi håpar mange vil vere med og oppleve dette flotte arrangementet.

  • Gratis påmelding i trimklassa. 
  • Alle som tek turen til Melshornet får medalje. 
  • I trimklassa vel du sjølv kvar du vil starte turen, enten det er heimanfrå, frå Volda sentrum eller frå Bratteberg skule.
  • I konkurranseklassa eller NM-klassa, blir det felles start kl. 11.00.

 

MELSHORNLØPET MINI

Arrangøren inviterer også til  barneløp frå Volda sentrum til Årneset. 

Løpet startar kl. 12.00 og er gratis å delta på. 

Startnummer kan hentast i sekretariatet på laurdag. 

Det blir deltakarmedalje til alle, grilling og ulike aktivitetar for små og store. Vi har også høyrt rykte om at både Brannbamsen Bjørnis og Tare tek turen innom. 

Du kan melde deg på Melshornløpet digitalt via EQ Timing:  

https://live.eqtiming.com/79296#dashboard

Det er også mogleg å melde seg på og hente startnummer i sekretariatet:

  •  Fredag: Volda E-sport, Halkjelsgate 17
  •  Kl. 14.00–20.00
  •  Laurdag (løpsdagen): Sivert Aarflot plass, mellom Cubus og Bunnpris
  •  Frå kl. 09.00

 

Meir informasjon finn du på Facebook-sida Melshornløpet og på nettsida:  Melshornløpet.no

Volda kommune er stolt støttespelar av Melshornløpet – NM i motbakkeløp 2026! 

Vi håpar mange tek turen og er med på å gjere dette til ei flott oppleving for både deltakarar, publikum og frivillige.

Vel møtt til Melshornløpet 2026!  

 

Løpe på fjell - Klikk for stort bilete