Bruk av barnehagen i romjula

Bruk av barnehagen i romjula

Volda kommune har utfordringar med bemanninga i barnehagane våre, og oppmoder derfor foreldre om berre å bruke barnehagane i eit omfang som stettar behovet for å vere på arbeid.

Det vil vere ei stor lette for det personalet vi har disponibelt i barnehagen. Husk å gje beskjed til barnehagen så snart som råd dersom ditt barn ikkje treng å vere i barnehagen ein eller fleire dagar i romjula.