Den gamle fyrlykta frå Dalsfjord fyrmuseum er til restaurering

Den gamle fyrlykta frå Dalsfjord fyrmuseum er til restaurering

Den gamle fyrlykta som kommunen får låne hjå Dalsfjord fyrmuseum  - Klikk for stort bilete Torgeir Stensø Når den har blitt fin som ny skal den vidare og pynte opp på moloen i Volda sentrum.

Den gamle fyrlykta som kommunen får låne hjå Dalsfjord fyrmuseum og som skal monterast på moloen i Volda sentrum er no sendt til restaurering ved Dalen Industriservice AS i Gursken. Lykta skal sandblåsast, metaliserast og målast slik at ho blir nesten som ny.

Kystverket har no opna for at ho kan nyttast som ordinært sjømerke og at det såleis kan monterast lys med sektorar og det som høyrer med.

Lykta skal festast på ein 40 cm høg sokkel som er utforma slik at ein kan sitje ned og ta ei kvild medan ein observerer livet på fjorden og i hamna. Vi trur at ho kjem til å verte eit fint landemerke og samlingspunkt i sentrum.