Den internasjonale eldredagen

Den internasjonale eldredagen

Illustrasjonsbilete av eldre mann som sit på ein sofa og har lesebrett og medisinar på bordet framføre seg. - Klikk for stort bilete Tima Miroshnichenko, Pexels.com

Endeleg skal eldredagen feirast! 6. oktober er det duka for feiring av den internasjonale eldredagen i Volda.

Volda pensjonistlag inviterar saman med Volda kommune, ved Eldrerådet, Frivilligsentralane og Helse- og omsorgstenestene, alle eldre til å feire Den internasjonale eldredagen.

Tid og Stad:

  • torsdag. 6. oktober kl 15-18 i Honndalshallen

Det vert gratis skyss, servering og program, og høve til å gi kollekt for dei som ønskjer det. Om du treng skyss, gjer vel å meld frå om dette!

Grunna servering er det påmelding innan tysdag 4. oktober til:

Vi ventar fin fest med godt og underhaldande program, allsong, brentsnut med rundstykke og smør og vatn. Tre ulike skuffekaker, også glutenfrie, kaffi og te-servering i pausen, laga og servert av Hornindal bygdekvinnelag og hjelparar frå Røde Kors omsorg og positive menneskemøte.

Det vert utstilt teknologiske hjelpemiddel i inngangspartiet. Her vil du treffe Karianne Sveen Orvik, frå sektor helse- og omsorg i Volda kommune, som vil svare på spørsmål.

Det er nok toalett i Honndalshallen, eitt for rullestol/rullatorbrukarar,

Vaktmeistaren Nils Petter Seljeset vert til stades under heile tilskipinga, skriv Volda pensjonistlag.

Den faglege delen av programmet syter koordinator velferdsteknologi i kommunen, Kariannne Sveen Orvik, teknologiambassadøren Marie Egset Haug og synsaren Peder Haug for.

Guri Aasen og Andrine Longva Kopperstad vil formidle den kulturelle programdelen, ei forteljeframsyning om fiskarlivet, fiskarkonene og døtrene deira gjennom 100 år.

Dei største nærskylde laga er hovudsakleg Volda pensjonistlag, Hornindal sanitetslag og Volda røde kors omsorg, skriv medarrangør Volda pensjonistlag på si Facebook-side.