Driftsunderskot blir dekt av oppsparte midlar

Driftsunderskot blir dekt av oppsparte midlar

Høgare utgifter enn inntekter gjer at Volda kommune må bruke disposisjonsfond til å balansere drifta. 

Økonomisjefen presenterer budsjettet i møtet til formannskapet  - Klikk for stort bileteØkonomisjefen orienterte formannskapet om drifta i år og om utfordringane neste år og i økonomiplanperioden. Volda kommune

Dette er situasjonen i år og i åra framover, og i 2027 er reservane oppbrukt. I tillegg må kommunen kutte i drifta.

Formannskapet fekk tysdag 15. oktober ei orientering om drifta i år og om utfordringane neste år og i økonomiplanperioden. Budsjettet for 2024 vart vedteke med 67,9 millionar i bruk av disposisjonsfond. Det positive er at kommunen både har fått auka inntekter og redusert utgiftene slik at ein kan redusere bruken av disposisjonsfondet til 37,1 millionar. Det vil seie at drifta er tilsvarande for høg. Det er iallfall det administrasjonen har kome fram til når tertialrapporten vert lagt fram for formannskapet den 29. oktober.

Formannskapet fekk også ei orientering om korleis framskrivinga slår ut for neste år og i åra 2026–2028. I gjeldande økonomiplan er det allereie lagt til grunn at eigedomsskatten skal hevast til 4 promille neste år, og at drifta skal kuttast med 5 millionar. Ut frå der vi står i budsjettprosessen no vil drifta likevel vere i underkant av 50 millionar høgare enn inntektene. Kommunestyret har vedteke at kommunen skal kutte 25 millionar dei næraste tre åra, men vi vil likevel årleg ha ei drift som er ca 50 millionar for høg i slutten av perioden. Desse tala er enda i tidleg fase i budsjettførebuinga og kan endre seg litt før endeleg framlegg.

I den nasjonale debatten er økonomane uroa for veksten i offentleg sektor. Med det statsbudsjettet som er lagt fram utgjer offentleg sektor rundt 62 %, målt i prosent av verdiskapinga i Fastlands-Norge, og staten budsjetterer med eit underskot i fastlandsøkonomien på ca 11 %. Til samanlikning er tilsvarande underskot i Sverige på under 1 %. Sverige lånefinansierer dette underskotet, medan Noreg dekker det ved bruk av oljefondet. Dette er ikkje berekraftig over tid, og offentleg sektor må bu seg på streng prioritering og drifte til ein lågare kostnad.

– Administrasjonen synest situasjonen er krevjande og arbeider med å skaffe fram ulike tiltak som kan auke inntektene og redusere utgiftene, seier kommunedirektør Rune Sjurgard. 

– Tidlegare har vi vore redda av mykje høgare skatteinngang mot slutten av året. Volda kommune har god økonomistyring, men no verkar situasjonen svært alvorleg.  Kommunedirektøren fortel at administrasjonen har fått i oppdrag av politikarane å leite fram ulike tiltak som kommunestyret skal ta stilling til. 

– Så langt er dette berre sondering og konkrete forslag er ikkje lagt fram. Innbyggjarane må vere budde på at kommunen vert nødt til å redusere i tilbod, kanskje kutte ut oppgåver og samordne tenester, seier ein alvorstung kommunedirektør.

– Administrasjonen kjem ikkje med slike forslag av lett hjarte, seier Sjurgard. Dette vil verte tungt, men det er heilt nødvendig. 

– Politikarane må ha grunnlaget for til å slutt å ta dei krevjande vedtaka. Kva kommunen skal drive med, og til kva standard og nivå, handlar om prioritering og må gjerast politisk.

Formannskapet vil jobbe med budsjett og økonomiplan i møta framover. Administrasjonen legg fram forslag til budsjett og økonomiplan 5. november. Dette skjer i ope kommunestyremøte. Formannskapet gir innstilling 26. november og kommunestyret si handsaming er 12. desember.