Drypp frå kulturmiljøplanen om Grothaugen

Drypp frå kulturmiljøplanen om Grothaugen

Volda kommune har vedtatt ein kulturmiljø plan (2023-2027) som siktar til å bevare dei mange kulturminna som befinne seg i Volda.  

Stova og ny stova på Rothaugen Ola Hektoen Øverås

«Gjennom ca. tolv tusen år har menneske levd, virka og sett spor etter seg i det som i dag er Norge. Mange av spora er forsvunne, dels på grunn av erosjon, forvitring og gjengroing, og dels på grunn av aktivitetane til dei generasjonar som har kome etter. Kulturminne og kulturmiljø som er her i dag, er resultat både av tilfeldigheiter og av at ein bevisst har valt å ta vare på dei. Desse kulturminna er uerstattelige kjelder til kunnskap og opplevingar. Dei omfattar alt frå element i kulturlandskapet, som gravhaugar og steingjerder til bymiljø og tekniske og industrielle anlegg. Desse spora, og samanhengen mellom dei, er ein del av det levande samtidsmiljøet og utgjer også eit viktig grunnlag for morgondagen sitt samfunn. Kulturminne og kulturmiljø er ikkje-fornybare ressursar. Blir dei øydelagt eller fjerna, er dei tapt for alltid» (Mld. St. 35 (2012-2013). 

 

Kulturminne ID 87349: Stove/nystove, Grothaugen, gnr. 207/1:

Det freda huset på Grothaug er ei lafta stove med treroms plan frå seinmellomalderen, dendrokronologisk datert til år 1620. Den er kledd utvendig med liggande panel og tekt med torv. I eine enden er det bygd til ein grindbygd vedskåle, og i andre enden ei tohøgda nystove. Gamlestova har no ein skorstein, men har opphavleg hatt åre. Stova er bygd saman med «Nystova», frå 1700-talet, ved hjelp av ein gong. «Nystova» har to etasjar. Stor autentisitet og høg alder.