Regine S. Aklestad
Kven kan søke?
Grendalag/utval, andre foreiningar og lag kan søkje. Søkjar må vere registrert i Brønnøysundregisteret.
Kva blir det gitt tilskot til ?
Midlane skal brukast til opprustingstiltak eller igangsetting av nye tiltak. Det kan søkjast om innkjøp og vedlikehald av leikeapparat i buområde. Det kan også søkast om tilskot til investeringar og tiltak som f.eks. sikkerheitsgjerder, bord og benkar, belysning o.a. Tiltaket det blir søkt om må vere ope for alle, og søkjar tek på seg ansvar for å sikre vedlikehald av utsyr og område. Ved signering av tildelingsbrevet blir dette ansvaret automatisk akseptert.
Kva blir det ikkje gitt tilskot til ?
a) ordinær drift/vedlikehald, som for eksempel sandskift, måling av gjerder og liknande
b) lokalar og arrangement
c) prosjekt utan eigeninnsats og eigenkapital frå andre eksterne tilskotsordningar
d) saker under politisk behandling
Korleis søke ?
De skal nytte dette søknadsskjemaet https://skjema.volda.kommune.no/
Meir informasjon finn du i retningslinene for tilskot til leike- og aktivitetsområde. Retningslinene finn du her https://www.volda.kommune.no/tenester/bygg-eigedom-og-plan/reguleringsplanar/lokale-retningsliner-og-foringar/rettleiar-for-leike-og-aktivitetsomrade/
Det er utarbeidd ein rettleiar som inneheld krav og retningsliner for leike- og aktivitetsområde i kommunen. Rettleiaren legg vekt på korleis ein kan etablere leike- og aktivitetsområde med kvalitet, og inneheld også tips til kvar grendalag eller andre kan søkje om tilskot til opparbeiding av leikeplassar. Rettleiaren finn de her rettleiar-for-leike-og-aktivitetsomrade-hoyringsutkast-24052018.pdf (PDF, 2 MB) (volda.kommune.no)
Søknadsfrist 14.2.2025.
Har du spørsmål ?
Ta kontakt med Berit Sandvik Skeide, berit.sandvik.skeide@volda.kommune.no, eller 47 66 93 70.