Ei god jul for alle – julefeiring på Uppheim For mange er julaftan familiesamling etter faste tradisjonar, og kan ikkje tenkje seg nokon annan måte å feire jul på. Men dette gjeld ikkje for alle, heller ikkje i Volda.Juletradisjonane er like mangfaldige som Volda si befolkning!Også denne jula vert det jobba for å få til eit fellesarrangement, ope for alle som har lyst til å dele høgtida med andre. I fjor var vel 130 personar samla på Uppheim på julaftan. Får vi det til i år òg?Sparebankstiftinga har gitt frivilligsentralane i Volda ei gåve på kr 125 000,- øyremerka «Ei god jul for alle».Tenesteutval for oppvekst og kultur skal bestemme disponeringa av tilskotet i møte 13. november, men vi startar med å søke etter dugnadsgjeng alt no.Vi går no ut med oppmoding til alle som kan tenkje seg å bidra til ein julafta-dugnad, med praktisk hjelp, underhaldning, mat, gåver, eller anna. Ta kontakt så snart som mogleg, per epost, sms eller telefon, og seinast 1. desember til:astrid.gjersdal@volda.kommune.no tlf.: 91 72 56 39 kristine.sofie.orheim.hansen@volda.kommune.no tlf.: 41 51 28 13Vi må vite om vi har dugnadsgjengen på plass før vi kan lyse ut påmelding til festen.Hiv deg rundt, då! Pixabay.com Publisert 13.11.2024 16:31 Sist endra 13.11.2024 16:32