Sesongvaksinering i veke 43 – Uppheim 22., 23. og 25. oktober – Hornindal 24., 30. og 31. oktober

Alfabetisk oppmøte. Les meir her.

Eigenberedskapsveka 2024

Eigenberedskapsveka 2024

Volda kommune og Saniteten si omsorgsgruppe vil markere årets eigenberedskapsveke med å arrangere fleire standar i kommunen:

Volda kommune og Saniteten si omsorgsgruppe vil markere årets eigenberedskapsveke med å arrangere fleire standar i kommunen:

Eigeberedskapsveka 2024
Stad Dato Klokkelsett
Kiwi/Voldaportalen  29. oktober 12.00-17.00
Kiwi/Voldaportalen 31. oktober 13.00-17.00
Spar Hornindal 1. november 12.00-17.00
Furene 2. november 12.00-17.00

Brosjyre i posten

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober. I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser.

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere.

Ved å vere førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein krisesituasjon. På den måten vil du vere ein viktig del av beredskapen i Norge, seier beredskapsrådgjevar Sonja Håvik.

Vi oppfordrar alle til å lese brosjyren og styrke sin eigenberedskap!

Om eigenberedskapsråda

Eigenberedskapsråda som blir presentere i brosjyren, blei oppdaterte i 2024. Dei blei lansert på sikkerhverdag.no i mai.

Hensikta med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.

Bakgrunnen for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrafter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si  avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.

eigenberedskapsråd - Klikk for stort bilete dsb.no