Eit demensvenleg samfunn

Eit demensvenleg samfunn

Eit demensvenleg samfunn handlar om kunnskap, forståing og gode møte. Vil di verksemd bidra til ein meir inkluderande kvardag for personar med demens?

Nasjonalforeningen for folkehelsen - Klikk for stort bilete Nasjonalforeningen for folkehelsen

Eit demensvenleg samfunn handlar om å møte personar med demens på ein god måte. Ved at fleire i samfunnet kan litt meir om demens, vert det lettare å leve med sjukdommen. Nasjonalforeningen for folkehelsen og norske kommunar samarbeider om tiltak for å gjere lokalsamfunnet meir demensvenleg. Målet er å tilrettelegge lokalmiljøet slik at også personar med demens kan ta del i lokalsamfunn og kvardagsaktivitetar. Volda kommune har i fleire år teke del i denne satsinga i lag med Volda næringsforum. 

I 2026 vil det ikkje verte tilbod om offentleg arrangement på kveldstid, men representantar frå arbeidsgruppa vil kunne tilby opplæring gruppevis på dagtid. 

Opplæringa går ut på å gi kunnskap til ulike yrkesgrupper om kva demens er og korleis ein kan gi god service til personar med demens. Dette kan bidra til at det blir enklare for personar med demens å gjere vanlege kvardagsaktivitetar, som til dømes å handle, bruke offentleg transport, gå til frisøren, ta taxi eller bruke ulike kulturtilbod. 

For meir informasjon: 

http://nasjonalforeningen.no/tilbud/demensvennlig-samfunn/

Dersom du og din arbeidsstokk kunne være interessert i ei slik opplæring, ta kontakt med enten sigrid.saanum@volda.kommune.no, karianne.orvik@volda.kommune.no eller post@voldaforum.no