Elisabeth avsluttar si kommunale karriere - Volda kommune

Elisabeth avsluttar si kommunale karriere

Elisabeth avsluttar si kommunale karriere

Hovuddelen av Elisabeth si kommunale yrkeskarriere har vore i tidlegare Hornindal kommune, der ho gjennom fleire tiår har jobba med merkantile oppgåver både på skulekontor og servicekontor. Ho har vore eit kjent og smilande ansikt for mange av innbyggarane.

Elisabeth avsluttar si kommunale karriere Volda kommune

Då Hornindal og Volda slo seg saman, blei servicekontoret i Volda den nye arbeidsplassen hennar. Her har Elisabeth mellom anna arbeidd med dokumentasjonsforvaltning og publikumsmottak.

No rundar ho av den kommunale delen av yrkeslivet, men fulltidspensjonist blir ho ikkje. Elisabeth satsar no for fullt på eiga butikk, og tek med seg både arbeidslyst og serviceinnstilling inn i ein ny kvardag.

Kommunen takkar Elisabeth for den gode jobben ho har gjort gjennom mange år, og ønskjer henne lykke til som «kommunal pensjonist»!