Fagdag for Søre Sunnmøre legevakt og samarbeidspartar

Fagdag for Søre Sunnmøre legevakt og samarbeidspartar

Utrykkingsbilane viser tydeleg at fleire etatar var samla - Klikk for stort bilete Erlend Bae

Fredag 14.april arrangerte Søre Sunnmøre legevakt fagdag for legar, sjukepleiarar og ambulansearbeidarar ved legevakta.

Hovudtema for fagdagen var sjølvmordsproblematikk og akutt handtering av psykisk ustabile pasientar. Forelesar på denne delen av fagdagen var psykiater Ewa Ness som er leiar for Oslo psykiatriske legevakt. Ho har utvikla eit kurs i desse emna som er spesielt retta mot legevakt og andre som møter pasientar i akutte situasjonar utanfor sjukehus.

Til kurset med Ewa Ness inviterte vi samarbeidande instansar til å delta, og vi var kring 120 deltakarar frå Helse Møre og Romsdal, kommunane i sjustjerna og politiet. Her var ambulansepersonell frå alle ambulansestasjonar på Søre Sunnmøre, personell frå akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (113), ambulant seksjon i psykiatrien og kommunal rus- og psykiatriteneste i tillegg til legevaktpersonell. Truleg er det første gong så mange fagfolk frå desse instansane møtes til felles kurs her på Søre Sunnmøre, og det vart uttykt stor nytte i å samlast og møte kollegaer frå andre etatar og instansar.

 

Ewa Ness gav ei innføring i sjølvmordsproblematikk og akutt handtering av psykisk ustabile, med mål om at personellet i sitt arbeid skal verte tryggare og betre rusta til å møte desse pasientane.  Tilbakemeldingar frå deltakarane tyda på at ho traff godt med bodskapen sin, og at alle fekk fagleg utbyte av kurset. Eit ekstra godt utbyte vart det av at det var ei aktiv gruppe deltakarar frå ulike instansar som stilte aktuelle spørsmål og fekk gode svar.

Etter kurset med Ewa Ness heldt legar, sjukepleiarar og ambulansepersonell ved legevakta fram fagdagen med tema som akutt ortopedi, hjerneslag og ikkje minst erfaringslæring frå drifta av legevakta.

Lege Marcus Osdal frå ortopedisk avdeling ved Volda sjukehus oppdaterte legevaktpersonellet i ortopediske problemstillingar, og vi er svært glade for det gode samarbeidet med Helse Møre og Romsdal og den velvilja dei viser i forhold til å stille opp for å dele av sin kompetanse. Vidare heldt legevaktoverlege Jørn Kippersund eit foredrag om diagnostikk og behandling av hjerneslag, med eit særleg fokus på dei mindre vanlege symptoma på hjerneslag.

 

Artikkeltekst og bilete: Erlend Bae, seksjonsleiar Søre Sunnmøre legevakt