Sesongvaksinering i veke 43 – Uppheim 22., 23. og 25. oktober – Hornindal 24., 30. og 31. oktober

Alfabetisk oppmøte. Les meir her.

Fairtrade – samarbeid for ei meir rettferdig verd!

Fairtrade – samarbeid for ei meir rettferdig verd!

21.–27. oktober markerer vi Fairtradeveka 2024. Målet er å auke kunnskap om og omsetning av Fairtrade-varer. 

«Du kjem deg ikkje  gjennom ein einaste dag utan å ha innverknad på verda rundt deg. Det du gjer, gjer ein forskjell. Du må berre bestemme deg for kva slags forskjell du vil gjere». – Jane Goodall, Antropolog og FNs bodbringar for fred.

Volda kommune har bestemt seg for å gjere ein forskjell for bønder og arbeidarar i fattige land gjennom handel. Å handle Fairtrade-merkte varer, gjer ein forskjell. 

Ordførar Sølvi Dimmen saman med Ingrid Opedal som viser fram eit lite utval av Fairtrade-produkt. - Klikk for stort bileteOrdførar Sølvi Dimmen saman med Ingrid Opedal som viser fram eit lite utval av Fairtrade-produkt. Volda kommune


Volda kommune handlar rettferdig. Det kan du også gjere. Å kjøpe Fairtrade-merkte produkt er ein enkel ting vi kan gjere i kvardagen for å delta i kampen mot fattigdom. Sjå etter Fairtrade-merket neste gong du du er i butikken for å handle kaffi, te, sjokolade, sukker mm. Kvart einaste kjøp har stor betydning! Saman gjer vi ein forskjell! 
Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som styrkjer bønder og arbeidarar i fattige land gjennom handel. Volda har vore Fairtrade-kommune sidan 2008. 21.-27. oktober markerer vi Fairtradeveka 2024. Målet er å auke kunnskap om og omsetning av Fairtrade-varer. Vi vil gjere tilsette og innbyggarar i Volda stolte av å arbeide og bu i ein Fairtrade-kommune!
På kva måte gjer vi ein forskjell? Vi veit at mange av dei som produserer varene vi kjøper lever under uanstendige arbeidsforhold og moderne former for slaveri. I tillegg medfører dei skadar på klima og miljø.
Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som gjennom handel styrkjer bønder og arbeidarar i fattige land. Det er og med på å betre kvinnerettar. Dei som produserer Fairtrade-produkt er sikra betre pris, anstendige arbeidsvilkår, ein bonus som går attende til utvikling av lokalsamfunnet, og eit berekraftig jordbruk.

Fairtrade er kåra til beste merkeordning av Etisk handel. Mange kjenner til den, og den har høg tillit blant folk. Uavhengige kontrollørar reiser rundt og sjekkar at produsentane lever opp til standardane som krevst for å bruke Fairtrade-merket.