Fairtradekampanje i Volda

Fairtradekampanje i Volda

Bilete av Ingrid Opedal som står på stand for Fairtrade. - Klikk for stort bilete Fairtrade

17. oktober er det den internasjonale dagen for avskaffing av fattigdom. 

Volda er Fairtradekommune. Ved å kjøpe Fairtrade-merkt kaffi og te til institusjonane, bidreg kommunen til eit meir berekraftig jordbruk og eit betre liv for bønder og arbeidarar i Afrika, Asia og Latin-Amerika. I tillegg til at kommunen kjøper inn desse produkta, er det eit mål at også innbyggarane skal sjå etter Fairtrade-merket når dei går i butikken.

I veke 42 har nokre av butikkane ekstra merksemd på Fairtrade. I Volda er det Spar-kjeden som deltek i denne kampanjen. Torsdag 20. oktober spanderer butikksjefen smaksprøvar på Farmers som er ein Fairtradekaffi – og Fairtrade bananar. 

Medlemmer i styringsgruppa for Fairtrade Volda Ørsta vert også tilstades ei stund for å informere om kvifor dei oppmodar folk om å kjøpe Fairtrade-produkt.  Dei vil også vise kundane kva Fairtradevarer som finst i Sparbutikken. Det er ikkje alltid så lett å finne dei mellom alle dei andre varene, men i tillegg til kaffi og bananar kan ein finne både te, brunt røyrsukker, sukkerbitar og is. Sistnemnde brukar Fairtrade-merkt sukker, kakao, vanilje, kaffi og bananar i produkta sine.

Ein finn sjølvsagt Fairtrade-varer i mange butikkar. Dersom ein er ute etter tekstilar som sengkle, laken og håndkle, kan ein finne slike varer der produkta er laga av Fairtrade-merkt bomull, noko som garanterer at produksjonen foregår på ein berekraftig måte; frå garden der innhaustinga foregår til forholda ved fabrikken der dei vert sydde. Når vi veit korleis forholda er på mange tekstilfabrikkar, er det ekstra viktig å sjå etter dette merket, seier Ingrid Opedal, leiar i styringsgruppa Fairtrade.