Faktura med korrigering er sendt ut

Faktura med korrigering er sendt ut

På grunn av ein oppdateringsfeil i fakturasystemet KOMTEK, har fakturaen for brannførebyggingsgebyr fått nokre ekstra linjer som vi vil forklare her.

På fakturaen for kommunale gebyr og eigedomsskatt for april/andre kvartal, vart gebyret for brannførebygging kreditert for tre månadar, sidan det ikkje skal belastast moms på denne tenesta. Dessverre førte ein oppdateringsfeil til at berre éin månad vart fakturert utan moms på same faktura. For å rette opp i dette, må vi difor belaste fakturaen for september/fjerde kvartal for dei to manglande månadane som vart kreditert, men ikkje fakturert på nytt utan moms.

Vi beklagar denne feilen.