Fakturering av kommunale avgifter – informasjon til abonnentane

Fakturering av kommunale avgifter – informasjon til abonnentane

Kommunen sender no ut faktura for kommunale avgifter for januar 2026. Dette gjeld vatn, avløp, feiing og eigedomsskatt.

Faktureringa kjem noko seinare enn vanleg. Årsaka er utfordringar i datasystemet i samband med endringa i meirverdiavgift (mva.) som vart innført frå 1. juli 2025. Overgangen frå 25 % til 15 % mva. har ført til ekstra arbeid med tilpassing av gebyrsystemet, særleg i samband med årleg vassmålaroppgjer. Kommunen har brukt tid på å sikre at alle abonnentar får korrekt utrekning for heile året.

No er systema på plass, og faktureringa vert gjennomført.

 

Månadleg og kvartalsvis faktura

  • Abonnentar med månadleg faktura vil no få tilsendt faktura for første månad. På denne fakturaen vil også vassmålaroppgjeret for 2025 vere med.
  • Abonnentar med kvartalsvis faktura vil få vassmålaroppgjeret for 2025 på fakturaen som vert sendt ut i mars.

 

Viktig informasjon til deg som har vassmålar

Abonnentar med vassmålar vil sjå på fakturaen:

  • to beløp for vatn
  • to beløp for avløp

Dette er korrekt og skuldast at:

  • forbruk i første halvår av 2025 er rekna med 25 % mva.
  • forbruk i andre halvår av 2025 er rekna med 15 % mva.

Til saman utgjer desse beløpa korrekt årsgebyr for 2025.

 

Ønskjer du månadleg faktura?

Alle abonnentar som ønskjer det, kan bestille månadleg faktura via dette skjemaet..

Vi beklagar forseinkinga og eventuelle ulemper dette kan ha medført, og takkar for tolmodet. Dersom du har spørsmål til fakturaen, er du velkomen til å ta kontakt med kommunen