Tidlegare i år sendte Volda kommune inn ein søknad til Fylkeskommunen om midlar til å byggje ut breibandsnettet i områda Straumshamn og Bjørkedalen.
Denne søknaden har no blitt handsama og kommunen vil få tilskot på heile søknadssummen på kroner 1.557.272,- for utbygging av høghastigheitsnett i det aktuelle området.
I dag er det 76 bustadar i Straumshanm og 14 bustadar i Bjørkedalen som er innanfor "kvit sone", som betyr at dei ikkje har grunnleggjande breibandstilbod.
Etter utbygginga vil alle desse bustadane få planlagt breibandstilknytning med minimum 100 Mb/s opp- og nedlastingshastigheit.
- Når dette er på plass vil ikkje lenger innbyggjarar og næringsliv oppleve utfordringar med ustabil nettilkopling og låg hastigheit, seier prosessleiar for digitalisering i Volda kommune, Paul Ottar Tornes, og leggjer til:
- Det betyr til dømes at innbyggjarar kan nytte digitale tenester frå kommunen, strøyme video eller lese aviser på nett, og at bedrifter får høve til å levere eigne tenester over internett eller gjennomføre videomøter av god kvalitet.
Volda kommune vil snarast råd lyse ut ein konkurranse, der aktuelle tilbydarar får høve til å gi tilbod om breibandsutbygging i området.
Kvifor utbygging av høghastigheitsnett?
Kommunestyret i Volda kommune vedtok i april 2018 at heile kommunen skal ha utbygd høghastigheitsnett innan fem år (PS 51/18).
Breiband er i dag ein føresetnad for at samfunnet skal fungere. Breiband med høg kapasitet er viktig for busetnad, næringsliv, konkurranseevna til næringslivet, offentleg sektor, fornying av helsevesen, eldreomsorg og skule- og utdanningssektoren.
Samfunnsutviklinga går i retning av at stadig meir tenesteyting, og kommunikasjon mellom innbyggjarar og det offentlege, vert løyst digitalt.
Innbyggjarane som ynskjer å ha digital kommunikasjon med kommunen skal få høve til dette.
Døme på dette kan vere å byte fysiske brev med samhandling gjennom sikker digital postkasse, å byte fysiske møte med videokonferanse, å nytte eit digitalt læringsrom i skulen og å ha utvida kontakt med brukarar av helse og omsorgstenester gjennom internett.
Breiband av grunnleggjande god kvalitet er ein føresetnad for at Volda kommune skal kunne delta i nasjonale prosjekt knytt til e-læring, e-helse og e-administrasjon.